Hopp til innhold

Regjeringa vil endre Nav-reglar for permitterte

Fleire permitterte har blitt tvinga til å slutte å studere for å kunne ta imot dagpengar. No vil regjeringa endre regelverket, og la permitterte få kome tilbake på skulebenken.

Anniken Hauglie

Arbeidsminister Anniken Hauglie meiner regelverket er for stivbeint, og vil gjere endringar allereie før sommaren.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I går fortalde NRK om frustrerte permitterte som har studert ved norske fagskular ved sidan av jobben. Fleire har blitt tvinga til å avslutte utdanninga si for å kunne få dagpengar frå Nav.

Årsaka er at Nav-reglane seier at ein ikkje kan ta imot dagpengar medan ein er student.

No vil regjeringa endre reglane og gjere det lettare for permitterte å ta utdanning medan dei mottar dagpengar.

– Det er ganske mange som blir arbeidsledige som ønskjer å ta utdanning for å kome seg vidare. Regelverket har vore for stivbeint, seier arbeidsminister Anniken Hauglie.

Fekk beskjed om å slutte å studere

Kenneth Karlsen tok nettstudiar ved ein fagskule ved sidan av jobben sin. Då han blei permittert fekk han beskjed frå Nav om at han måtte slutte å studere dersom han skulle få dagpengar.

For å få familieøkonomien til å gå opp, måtte difor tobarnsfaren legge studiane på vent.

– Det er bittert. Eg kunne tenkt meg å halde fram med studiane, men no sit eg i staden heime og tvinnar tommeltottar, seier Karlsen.

Han er glad for at regjeringa no endrar reglane.

– Personleg er eg kjempefornøgd. Det står att å sjå konkret kva dette inneber for meg. No vil eg sjekke om eg kan studere etter dei nye reglane. Eg kjem til å søke med ein einaste gong og håpar eg kan få fullføre utdanninga mi, seier Karlsen.

Kenneth Karlsen

Kenneth Karlsen sit ved sin gamle pult på Bergen Tekniske Fagskole. Han håpar regelendringane håpar at han skal få fleire timar ved skulebenken slik at han kan fullføre utdanninga si.

Foto: Siri Løken / NRK

Dette vil regjeringa endre

Arbeidsministeren varslar fleire endringar i regelverket.

– Vi gjer no tre konkrete endringar i dagpengeregelverket. Det eine er at ein skal kunne fullføre påbegynt utdanning utan å miste dagpengane. Det andre er at ein skal kunne kombinere dagpengar med utdanning som også lar seg kombinere med full jobb. Den tredje endringa vi ønskjer å foreslå, er at ein skal kunne gå lenger på dagpengar medan ein etablerer eiga verksemd, seier arbeidsministeren.

– Betyr det at NAV må bruke meir skjønn når dei skal vurdere desse sakene?

– Dette er problemstillingar som Nav har møtt på i arbeidet sitt. Vi lempar på regelverket og gjer det meir fleksibelt og enklare, og eg er sikker på at NAV vil vere nøgde med desse endringane fordi det vil gjere deira jobb med å få folk tilbake i jobb lettare, seier Hauglie.

Dei nye reglane skal etter planen tre i kraft før sommaren.