Hopp til innhold

Refsar kommunen etter skutefesten

Fylkesmannen har avslutta si gransking av skjenkerotet under Tall Ships' Races i sommar. – Ikkje gjer dette igjen, er den klare beskjeden.

Bryggen uteservering Tall Ships Races

– IKKJE GJER DET IGJEN: Det er den klare beskjeden frå Fylkesmannen, som har granska skjenkerotet til Bergen kommune under Tall Ships' Races i sommar.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Bergen kommune måtte tola mykje kritikk etter å ha involvert seg i ølsalet under den store skutefesten i Bergen i sommar. Mellom anna påla kommunen fem skjenkestader å selje øl frå Hansa og dei måtte gi frå seg areal dei leiger av kommunen, for å så leige dei tilbake for ein høgare pris.

Kommuneadvokaten konkluderte med at Bergen kommune ikkje braut alkohollova, men Senterpartiet kravde at Fylkesmannen såg nærare på saka. Det har dei gjort, og beskjeden frå dei er klar.

– Framgangsmåten er ikkje i samsvar med god forvaltningsskikk. Fylkesmannen oppmodar kommunen om å unngå ein slik praksis ved framtidige arrangement, heiter det i brevet frå Fylkesmannen.

Usikker på om det var lovleg

Fylkesmannen kritiserer kommunen si handtering av skjenkeløyvene, og seier kommunen har operert med fleire hattar på samstundes.

– Med sin monopolsituasjon og sine mange ulike roller hamnar kommunen i ei juridisk gråsone.

Det vert lagt til at Fylkesmannen er usikker på om kommunen handla i strid med alkohollova men at praksisen uansett er juridisk tvilsam.

– Under tvil finn vi ikkje grunnlag for å konkludere med at det var ulovleg.