Hopp til innhold

Reduserer bompengane med 1,4 milliardar kroner

Sjølv om reduksjonen er i milliardklassen, er det usikkert korleis bilistane får merke det. I Bergen kan bomsatsen bli senka med 3 kroner og 40 øre.

Yrkessjåfører protesterer mot økning av bompengeavgiftene og gjennomfører en kjør-sakte-aksjon på innfartsveiene til Bergen onsdag morgen.

PROTEST: Dei siste åra har bompengeaksjonistar gjennomført køyr sakte-aksjonar fleire stader, mellom anna i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Bompengesaka overskygga store delar av valkampen i haust. Til slutt måtte statsminister Erna Solberg (H) stille ultimatum til regjeringskollegaene om ein bompengeavtale.

Det har derfor vore knytt spenning til korleis regjeringa ville følge opp avtalen frå august i statsbudsjettet.

Kutt utanfor byane

Utanfor byområda vil regjeringa bruke 1,4 milliardar kroner til å redusere bompengane. Dette er ei auke på 869 millionar kroner frå budsjettet i fjor.

Desse pengane vil regjeringa bruke på å betale ned bompengegjeld på fire vegprosjekt:

  • Rv. 13 Hardangerbrua i Vestland
  • E6 Hålogalandsbrua i Nordland
  • E18 Arendal – Tvedestrand i Agder
  • E136 Tresfjord-brua og Vågstrandstunnelen i Møre og Romsdal

Det betyr kortare nedbetalingstid eller lågare takstar for passering på desse vegane.

Bompengering på Nygårdsbroen i Bergen fotografert i rushen

BOM: Regjeringa foreslår å gi Bergen 55 millionar kroner til å redusere bompengane i byen. Det svarar til seks prosent av dei totale bompengeinntektene.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Vil auke kollektivbidrag i byane

I storbyane foreslår regjeringa å auke bidraget til større kollektivprosjekt.

  • Bidraget går frå 50 til 66 prosent. Dette på vilkår om at halvparten av det auka statlege bidraget skal gå til reduserte bompengar, medan den andre halvparten skal gå til betre kollektivtilbod.
  • Dette gjeld for Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, Bussveien på Nord-Jæren, Metrobussen i Trondheim, Fornebubanen og ny T-banetunnel i Oslo og Akershus.

Den gjeldande avtalen om 50 prosent statleg finansiering gir følgjande fordeling:

  • 980 millionar kroner til Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen.
  • 758 mill. til Fornebubanen i Oslo og Akershus.
  • 190 mill. til Bussveien på Nord-Jæren.
  • 132 mill. til Metrobussen i Trondheim.

Viss byane går med på kravet om å redusere bompengar og betre kollektivtilbodet, får dei meir pengar. Det er sett av 850 millionar kroner til dette føremålet. Beløpet fordelar seg slik:

  • 510 mill. til Oslo og Akershus
  • 170 mill. til Nord-Jæren
  • 110 mill. til bergensområdet
  • 60 mill. til trondheimsområdet
Aksjon mot bomring i Stavanger

ROGALAND: I Stavanger og Sandnes har bompengemotstanden også vore høglytt.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

3 kroner og 40 øre billegare bompassering

For Bergen sin del er det venta bompengeinntekter på 920 millionar kroner i 2020, mellom anna 890 millionar til Bybanen til Fyllingsdalen.

Sidan berre halvparten av dei 110 millionane til Bergen blir til å redusere bompengane, utgjer ekstrainntektene 6 prosent av dei totale bompengane.

Ein reduksjon i bomsatsane på seks prosent vil redusere prisen på ein bompassering i rushtida frå 56 til 52,6 kroner.

Då må politikarane i Bergen først ta imot tilbodet frå staten, så finne ut korleis dei vil redusere bompengane.

I Oslo foreslo dei til dømes å sette opp bompengesatsane i rushtida. Dette trur dei vil få fleire til å velje kollektivtransport, som igjen vil gje lågare inntekter frå bompengar. Derfor kan høgare bomsatsar betyr lågare bompengar i form av inntekter til kommunen.

I Granavolden-plattforma var regjeringa einige om å innføre eit frådrag for bompengeutgifter. Det har dei ikkje funne plass til i statsbudsjettet.