Hopp til innhold

Redningsaksjon ved Radøy

Oppsummert

Hovudredningssentralen søker etter ein båtførar i 30-åra som har gått tom for drivstoff nord i Radøy i Hordaland.

  • Båtfører sikta etter redningsaksjon

    Båtføreren på Radøy er sendt til Haraldsplass sjukehus. Politiet gjer undersøkinger og tek prøvbar av båtføreren, som no er sikta. – Han var godt berusa og vi har beslutta å pågripe han, seier operasjonsleder Magnussen.

  • Henta opp av helikopter

    Båtføraren som kom seg sjølv i land, er no henta av Sea King redningshelikopter. Båten står i land på eit skjær, og mannen er heist opp av helikopteret på skjæret og henta i land til ambulanse og andre redningsetatar.

  • Mann redda på land

    Ein mann har sjølv kome seg i land utanfor Radøy, etter den store redningsaksjonen. Det er enno ikkje stadfesta at det var den sakna båtføraren, men mykje tydar på det. Mannen skal vere kald, men i grei form.

  • – Båten slår mot land

    Politiet opplyser at båten dei har lokalisert utanfor Vågenes i Radøy, er blåst mot land og ligg no og slår mot land. Båtføraren skal ikkje vere i naud. Helikopter er på veg for å henta ut personen.