Hopp til innhold

Redningsaksjon ved Bolstadøyri

Politi og mannskap frå Røde Kors leitar etter ein person som i kveld vart observert på ein skogsveg ved Bolstadøyri. Meldar fortel at personen forklarte at han skulle gå til Voss. Det er sett fotspor i snøen som går vidare frå enden av skogsvegen, og lokallaget til Røde Kors gjer søk i området.