Hopp til innhold

Turgåarar redda frå orkan på Ulriken

To kvinner gjekk seg fast i uvêret på toppen av Ulriken. – Usikkert om vi får dei ned i kveld.

Redningskaksjon Ulriken

REDNINGSAKSJON: Redningsmannskap og politi har stasjonert seg ved Montana, ved foten av Ulriken.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Det fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet. Redningsaksjonen i Bergen vart utløyst då dei to kvinnene sjølv melde frå på telefon om at dei hadde problem med å ta seg ned igjen.

– Det er våte, kalde og kjem seg ingen veg. Vi har telefonkontakt, men prøver å spare på batteria, fortalde Hellesund då redningsaksjonen starta i 17.30-tida

Dei to kvinnene skal vera mellom 25 og 35 år og skal ha gått seg i fast i nærleiken av masta ved Ulrikens topp (643 meter over havet).

- Orkan i kasta

Ulriken er det høgste av dei sju fjella som omkrinsar Bergen sentrum.

Politiet melder om sterk vind, regn og tåke.

– Det er eit forferdeleg vêr. Det bles orkan i kasta på toppen der no, og temperaturen kryp mot null, fortel Hellesund som omtalar situasjonen som «skummel».

På grunn av det dårlege vêret er det ikkje mogleg å fly opp, så redningsmannskap må ta seg opp fjellet til fots.

Turgåarane funne

Klokka 18.30 melder politiet at dei to kvinnene er funne. Dei to turgåarane skal ikkje vera i stand til å ta seg ned frå fjellet. Hjelpemannskap har fått dei inn i ei varmestove ved masta på Ulriken.

– Hjelpemannskapa har gjort ein kjempinnsats. No får alle varmen i seg igjen, så får vi vurdere kva som blir neste steg, fortel Hellesund til NRK etter at dei to er funne.

Anten kan det bli snakk om å venta til vêret roar seg, eller så må alle overnatta på toppen.

Klokka 23.15 fortel politiet til NRK at det går mot overnatting for redningsmannskapa og dei to kvinnene på Ulriken.

- Vi vurderar fortløpande, men slik veret er no ser det ut som at det blir overnatting. Det er glatt og det bles godt der oppe enno.

ulriken bergen