Hopp til innhold

– Dei har vore usikre på om dei ville overleve

Turgåarar har venta på hjelp i heile natt. Luftambulansen måtte snu på grunn av dårleg vêr.

redningsaksjon vidda

Det var seint torsdag kveld at to tsjekkiske turgåarar i byrjinga av 20-åra ringde politiet og bad om hjelp.

Dei to, ei mann og ei kvinne, hadde lagt ut frå Finse, men dårleg vêr og eit øydelagd telt gjorde at turen stoppa ved Brattefonnvatnet ved Dyranut i Eidfjord kommune.

Dårleg dekning i området gjorde at politiet har slite med å få kontakt med dei to turgåarane, men kontakt vart til slutt oppretta i 23.30 att.

– Dei fortalde at dei var våte, slitne og kalde, samstundes som dei hadde eit øydelagd telt. Dei fekk beskjed om å komme seg i soveposen, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.

Luftambulansen snudde

Med kraftig regnvêr og berre fem grader på Hardangervidda, har det vore ei lang natt for dei to turgåarane.

Luftambulansen som vart sendt ut frå Ål måtte snu på grunn av været. Det har også vore vanskeleg å få sendt ut mannskap frå Røde Kors på vestsida av Hardangervidda, på grunn av svært stor belastning med redningsoperasjonar dei siste vekene.

Redningsmannskapa endeleg framme

Dermed har det blitt mange timar å vente for dei to tsjekkarane. Klokka 08.00 er redningsmannskapa framme ved turgåarane, opplyser politiet.

Dei to vêrfaste turgåarane har heile tida held politiet jamleg oppdatert med tekstmelding på korleis dei har det.

– Dei har vore redde og usikre på om dei ville overleva dette. Så dei har hatt ei utriveleg natt, fortel operasjonsleiar Lars Geitle til NRK.

No har dei to tsjekkarane fått mat og varme klede, medan dei går ned igjen til Finse saman med Røde Kors.