Hopp til innhold

Kvinne skadd etter fall på Ulriken

Hjelpemannskap måtte hjelpe ei kvinne ned frå Ulriken etter at ho fell ned frå ein kant og skada seg. – Det skal vere snakk om brotskadar, seier brannvakt, Arne Rikstad.

ulykke ulrikken

MÅTTE REDDAST NED FRÅ ULRIKEN: Ei kvinne får hjelp av hjelpemannskap til å kome seg ned frå Ulriken etter at ho fell ned ein kant.

Foto: NRK

Akkurat kor langt ned kvinna har falle er ikkje stadfesta, men det skal ikkje kunne karakteriserast som eit stup, ifølgje brannvesenet.

AMK har bedt brannvesenet om assistanse for å hente ned kvinna, som skal ha brote eit bein i fallet.

– Ho låg i ulendt terreng, noko som har gjorde det litt vanskeleg å få henne ned, fortel Rikstad til NRK.

Det var planar om å hente henne ned med helikopter, men hjelpemannskap bestemte seg for å bere kvinna ned frå fjellet.

Kvinna var nede frå fjellet like etter klokka 17.00 og vert tatt hand om av ambulansepersonell.