Hopp til innhold

Klonar smakfulle kulturminner

Når du set tennene i eit saftig norsk eple, tek du ein bit av kulturarven. I Ulvik blir utdøyande sortar redda med kloning.

I klonsamlinga i Ulvik blir utdøyande eplesortar redda.

Gunnbjørg Øyre i klonsamlinga til Hjeltnes gartnarskule

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Før vart det dyrka over 100 ulike eplesortar i Hardanger, no er det berre rundt ti att.

– Tre døyr ut grunna alder eller vanstell, fortel Knut Nes.

Han er avdelingsleiar for frukt og bær-hagen på Hjeltnes gartnarskule og epledetektiv.

Sidan 1994 har gartnarskulen i Ulvik jobba for å redde utdøyande sortar.

No er over eit hundre tre planta ut i klonsamlinga inst inne i Hardangerfjorden.

– Dette er eit levande klonarkiv, for viss me skal gje gamle sortar eit vidare liv må me dyrke fram nye tre.

Det seier Gunnbjørg Øyre. Ho er rektor på gartnarskulen.

Spesielt godt hugsar ho ei av redningsdådene.

– Me kom til ein gard der det låg eit rotvelta sjeldant epletre, seier ho. Det skulle eigentleg vore fjerna, men der var levande kvistar som me kunne bruke til poding og lage nye tre av.

"Eg hogg ned den store apalen.."

Diktaren Olav H. Hauge har skrive eit dikt om ein av dei utdøyande eplesortane.

I "Eg hogg ned den store apalen utfor glaset" skildrar han korleis han må fjerne eit flaskeepletre fordi gartnarhallen ikkje lenger vil ha slike eple.

No er flaskeepletreet si framtid redda, og nye tre veks fram i klonsamlinga.

– Me har to tre i samlinga vår, sist haust hadde me eple derifrå på utstilling, fortel Knut Nes. Det er eit litt seint hausteple.

Også andre kulturhistorisk viktige epletre er sikra vidare liv. Mellom anna har klonsamlinga bistått i oppattbygginga av den originale frukthagen på baroniet i Rosendal.

No skal samlinga få sin eigen plass, der interesserte kan kvile medan dei lærer meir om den smakfulle kulturarven.

"Flaskeepleplassen" skal opnast i samband med eit hundre årsfeiringa av Olav H. Hauge i sommar.

– Me vil lage ein kvileplass, fortel Øyre, og der skal me også plante eit flaskeepletre.