NRK Meny
Normal

Redda rådvill ku med vasskuter: – Ei heilt absurd oppleving

Tor Arne Thunestveit oppdaga ei svømmande ku på veg over Hardangerfjorden. Det utløyste ein redningsaksjon utanom det vanlege.

Tor Arne Thunestveit redda ku med vannskuter

REDNINGSAKSJON: Tor Arne Thunestveit frå Arna køyrde 20 minutt med kua på slep. – Ho hadde drukna om eg ikkje tok ho med meg.

Foto: Privat

– Eg er framleis sliten i handa, seier Tor Arne Thunestveit.

– Det var ordentleg tungt.

Det var siste helga i mai at han oppdaga eit kuhovud som låg og duppa, då han køyrde vasskuter utanfor Linga i Hardanger.

– Eg forstod ingenting, seier Thunestveit.

Det var langt frå land, ingen gardar i nærleiken og tilsynelatande ingen som leita etter kua.

– Difor bestemte eg meg for å forsøke å dra kua med meg inn til land, fortel vasskutarføraren.

Slo seg vrang

Det var Hordaland Folkeblad som først omtalte den spesielle redningsaksjonen. Thunestveit fekk tak i grima til kua, og løfta hovudet opp frå vatnet.

– Eg måtte halde armen høgt opp i vêret for at dyret ikkje skulle ta inn vatn og drukne. Vasskuteren er låg, så det var tungt å dra ho med seg.

I 20 minutt køyrde Thunestveit sakte inn mot stranda, der familien har husvogn.

– Kua var roleg under transporten, men eg burde kanskje tenkt at den var galen allereie då eg fann den symjande der ute, fortel redningsmannen.

Vel inne ved land, der rundt 50 personar var samla på campinga, slo den drektige kua seg nemleg heilt vrang.

– Ho stonga fleire gonger mot meg, vasskuteren og ein stein. Vi frykta at ho kunne rasert heile campingplassen. Dottera mi på fem stod på land og hylte, seier Thunestveit.

Truleg avliva

Fleire av campingturistane ringde rundt for å finne ut kven som eigde dyret. Samtidig drog Thunestveit kua ut att i vatnet, for å ha meir kontroll.

– Til slutt kom eigarane i båt. Dei måtte stroppe kua fast med ein lastestropp og slepe den med seg. Eg har høyrd at kua måtte skytast, men at kalven ho hadde i magen skal ha vorte redda.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med eigaren av kua.

– Det var ei heilt absurd oppleving, seier Thunestveit.

Veterinær: – Kan bli viltre

Magnus Nyborg

KAN SYMJA: Veterinær Magnus Nyborg seier kyr kan symja, men at det ikkje er så vanleg at dei gjer det. – Hadde kua sumt lenge kan det vere ho vart utsliten.

Foto: Sindre Nyborg

Veterinær Magnus Nyborg fortel at det ikkje er så vanleg at kyr svømmer.

– Det kan vere at dyret tenkte at graset var grønare på andre sida av fjorden. Dersom dette var innkjøpte kviger som ikkje hadde roa seg heilt i miljøet, kan dei ha vore viltre.

Nyborg seier det ikkje er uvanleg at kviger er utagerande.

– Kyr blir mjølka kvar dag og er vande til å verte handtert av folk. Kviger har ikkje så mykje nærkontakt, og nokre kan vere viltre og få panikk, seier veterinæren.

– Fornuftig hjelpemiddel

Den siste tida har fleire kommunar varsla lokale restriksjonar på bruk av vasskuter, sjølv om regjeringa har oppheva forskrifta.

Thunestveit meiner redningsaksjonen viser at vasskuterane kan brukast til fornuftige ting.

– Skuteren gjorde at eg var kjapt på staden. Samstundes forstår eg problemet med at folk kan oppføre seg litt vilt på sjøen, seier han.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.