– Me er veldig takksame for at dei var i stand til å finna oss trass det nådelause vêret, seier Dessy til NRK.
Tysdag kveld gjekk alarmen fleire kilometer nord for stien til Trolltunga. I tåke og tett snødrev hadde eit turfølgje på fem vore ute i ni timar då dei bestemte seg for å ringa politiet. Dei var fleire kilometer unna stien.
– For ei fantastisk gruppe frivillige! Me er evig takknemlege for at me no ligg nydusja i sofaen, og ikkje på ei norsk fjellhylle, skriv ho på Facebook.
Gjekk i sirklar i timevis
Dessy og venninna Breeann Gutierrez hadde allereie fått med seg ein selfie frå Kjeragbolten på noregsferien før dei og to kvinner og ein mann frå London sette ut mot Trolltunga grytidleg tysdag.
Dei skal ha gått i sirklar i nesten to timar for å prøva å finna tilbake til stien. Då hadde forsøket på å snu allereie mislukkast.
– Til slutt ringde me etter hjelp, og litt over seks timar seinare blei me redda ned med helikopter. Me er ekstremt takksame overfor Røde Kors-teamet.
– Ingen har gått seg så vill før
Leiar i Tyssedal Røde Kors, Knut Atle Øyre, fortel at dei er vane med å finna folk i nærleiken av stien. Han har aldri opplevd at turgåarar har bomma med 3–4 kilometer.
– Dei kunne ikkje tru kor dei fann oss. Me sette ny rekord for å vera lengst vekke frå stien, skriv den amerikanske kvinna, som no er i Riga.
Ashley Dessy skriv at ho definitivt vil ta med seg meir nyttig utstyr neste gong ho skal på tur, og avsluttar Facebook-teksten sin med emneknaggane #ThankYouRedCross og #NoThankYouTrolltunga.
Tyssedal Røde Kors set pris på tilbakemeldingane.
– Det gir oss jo litt ekstra motivasjon til å fortsetja jobben me gjer.
Fryktar ein heftig sesong
Seinast i går kveld måtte ei kvinne få hjelp ned frå Trolltunga. Dermed er Røde Kors oppe i åtte Trolltunga-redningsaksjonar til no i år.
Det er dobbelt så mange som på same tid i fjor.
– Det er veldig mykje til å vera såpass tidleg i sesongen, så eg fryktar ein heftig sesong.
I år vil Odda kommune setja ut vaktar på stien til Trolltunga, som skal bu i høgda og halda eit auge med dei mange turistane. Målet er å få på plass ein permanent fjellvakt så fort som mogleg, melder NTB.