NRK Meny
Normal

Taxisjefen fekk uventa hjelp frå konkurrenten

Fylkesrådmannen ville bygga ned det største taxiselskapet i Bergen for å auka konkurransen. Men så tok den største konkurrenten ordet.

Jan Valeur i Bergen taxi og Roar Refseth i Norges taxi

UVENTA REDNINGSMANN: Jan Valeur i Bergen taxi (t.v.) takkar konkurrenten Roar Refseth frå Norges taxi for å ha argumentert i mot at Bergen taxi må kvitta seg med 75 av 450 drosjeløyver.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nils T. Bjørke (SP)

LYTTA: Utvalsleiar Nils T. Bjørke vart overtydd av argumentasjonen til Norges taxi.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er administrasjonen i Hordaland fylkeskommune som har gått inn for drastisk å gripe inn i taximarknaden i Bergen.

Fylkesrådmannen Rune Haugsdal meiner Bergen taxi har ein for dominerande marknadsposisjon med 60 prosent av dei 750 løyva. Han vil difor endra reglementet slik at ingen sentralar kan ha meir enn halvparten av løyva i byen.

Fylkeskommunen meiner konkurransen fungerer dårleg og at dette fører til for høge prisar for kundane.

– Dominans gjer høge prisar

Torsdag fekk drosjenæringa seia si meining om korleis bransjen bør organiserast.

– Dette er dramatisk for oss. Undersøkingar viser at over 70 prosent av kundane føretrekkjer oss. Dette betyr eit dårlegare tilbod til dei kundane, har dagleg leiar i Bergen taxi Jan Valeur tidlegare sagt til NRK.

Tidlegare har Oslo gjort den same endringa.

Taxier på Flesland

VERT IKKJE BYGD NED: Fylkespolitikarane slo torsdag fast at Bergen taxi ikkje må gje frå seg løyver til andre sentralar.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Uventa snuoperasjon

På dialogmøtet var det venta at dei fem konkurrerande sentralane ville støtta forslaget om å redusera storleiken til Bergen taxi. I høyringssvaret hadde mellom anna det nest største selskapet, Norgestaxi, gjort det klart at dei ønskte endringa velkomen.

Derfor vart mange overraska då fungerande dagleg leiar i Norges taxi Roar Refseth tok ordet.

– Eg ser ingen hensikt i å gjera dette. Eg trur ikkje konkurransen vert betre av at den største vert mindre, sa Refseth.

Lytta til konkurrenten

Samferdsleutvalet valte å lytta til signalet frå den nest største drosjesentralen. Nokre timar seinare vedtok utvalet å gå i mot forslaget om å bygga ned Bergen taxi.

Utvalsleiar Nils T. Bjørke (Sp) seier appellen frå Norgestaxi var avgjerande for at samferdsleutvalet gjekk i mot forslaget.

– Det at fleire av dei mindre sentralane ikkje meiner at dette er ei god løysing, spelar sjølvsagt inn. Eg trur det er andre forhold som kan betra konkurransen, seier Bjørke.

Representantar frå alle drosjesentralane i BErgen

DIALOGMØTE: Representantar for alle drosjesentralane i Bergen møtte opp for å seia si meining om dei føreslegne endringane i drosjereglementet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Drosjebransjen i Bergen opplever ifølgje fleire av deltakarane på dialogmøtet sin verste periode på fleire tiår. Nedgangen i oljebransjen gjer at drosjekundane vert færre.

Hasnat Ahmad i Christiania taxi

KRITISK: Hasnat Ahmad, dagleg leiar i Christiania taxi, er kritisk til at fylkespolitikarane ikkje reduserer storleiken på den største drosjesentralen i Bergen

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg meiner dette er heilt feil tidspunkt å gjera slike endringar i denne bransjen, og er glad for at eit stort fleirtal er samde med meg, seier Gustav Bahus frå Framstegspartiet.

Beklagar avgjerda

Fleire av dei minste sentralane er lite fornøgde med avgjerda. Både A-taxi og Christiania taxi tok til orde for at den dominerande posisjonen til den største sentralen er problematisk.

– Når ein sentral har ti løyver og ein annan opp mot 450 seier det seg sjølv at ein ikkje kan konkurrere på like vilkår, seier Hasnat Ahmad, som er dagleg leiar i Christiania taxi.

– I Oslo har me sett at dei mindre sentralane har vunne store kontraktar etter at denne endringa vart gjort, seier han.

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.