Hopp til innhold

Dedikerer gjev pris til Aves

Då den multietniske barne- og ungdomsgruppa Fargespill fekk tildelt Barnerettighetsprisen, dedikerte dei den til ein spesiell aktør i gruppa. Etter seks år i Noreg vart Aves sendt ut av landet.

AMUNDSEN CHRISTIEKONFERANSEN

FEKK BARNERETTIGHETSPRISEN: Fargespill består av 80 barn og unge frå 30 forskjellige land. No har Fargespill fått barnerettighetspris for arbeidet dei gjer.

Foto: Paul S. Amundsen / Paul S. Amundsen

Ole Hamre

UTRULEG STAS: Ole Hamre seier det er stort å få pris frå Redd Barna.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det er utruleg stas å få ein pris frå Redd Barna som er ein organisasjon som gjer masse fantastisk arbeid, seier Ole Hamre.

Fargespill vart starta opp i 2004 i Bergen, og initiativtakarane var Sissel Saue og Ole Hamre. No har Fargespill starta opp i fleire byar i Noreg.

Fargespill er eit multietnisk barne- og ungdomsprosjekt der dei lagar framsyningar med barn og ungdom frå heile verda. Barna kjem frå 30 forskjellige land, og det er 80 barn og ungdommar med på scena.

Den 29. august 2014, rundt ti år etter oppstart, fekk Fargespill Eglantyne Jebb-prisen som skal synleggjere barnerettsarbeid. Prisen blir delt ut av Redd Barna.

– At dei har sett og anerkjenner det arbeidet me gjer på denne måten, det er fantastisk, seier Hamre.

HØYR RADIOINNSLAG OM FARGESPILL:

Ole Hamre og Sissel Saue er initiativtakarar og kunstnariske leiarar for Fargespill. Den 29. august fekk dei barnerettighetsprisen av Redd Barna.

Dedikert til Aves

Fargespill fekk barnerettighetspris

FEKK PRIS: Delegasjonen til Fargespill har her akkurat tatt imot barnerettighetsprisen frå Redd Barna. Prisen vart dedikert til Aves.

Foto: Fargespill

Dette er sjette gong Barnerettighetsprisen blir delt ut, og den første som fekk prisen var Hans Majestet Kong Harald. Barnerettsforkjempar Lucy Smith, og Supernytt har også fått prisen.

– Me vil gjerne dedikere barnerettighetsprisen til Aves som vart sendt ut av landet etter seks år i Noreg, mesteparten av sitt liv faktisk, seier Ole Hamre.

Aves, som tidlegare var med i Fargespill, vart nyleg sendt ut av landet. Difor ønskjer dei å dedikere prisen til han.

– Eg trur dette er noko dei fleste av oss aldri hadde klart å gjere ansikt til ansikt med eit barn, men me gjer det som samfunn, og då er det noko gale med norsk asylpolitikk når det gjeld barn sine rettar, seier han.

Fargespill viser fram barn frå andre land, og frå Noreg, og barna får lov til å vise seg fram slik dei vil.

Dorthe Elisabeth Meidel Larsen (10 år)

Hamre meiner at noko av det viktigaste Fargespill gjer, er å få publikum til å sjå barna som kjem frå heile verda nettopp som enkeltmenneske.

– Eg meiner det er farleg å ta omsyn til andre menneske som kategoriar, for då gjer me ofte fundamentale sosiale feil. Når me ser dei som enkeltmenneske, så brukar me vårt moralske kompass til å gjere dei riktige tinga, seier Hamre.

– Det er det me opplever på Fargespill-førestillingane, at me ser desse barna som enkeltmenneske, seier han.

(Saka held fram under bilete.)

Sissel Saue og Ole Hamre

INITIATIVTAKARAR: Sissel Saue og Ole Hamre er kunstnariske leiarar for Fargespill. Barnerettighetsprisen som Fargespill tok imot, vart dedikert til Aves som vart sendt ut av Noreg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Veldig fortent

Tirill Sjøvoll er politisk rådgiver i Redd Barnas Norgesprogram

FORTENT: Tirill Sjøvoll i Redd Barna seier Fargespill fortener barnerettighetsprisen.

Foto: Redd Barna

Eglantyne Jebb-prisen blir delt ut kvart år til noko som har gjort ein særskilt innsats for barn sine rettar, enten for å innfri barn sine rettar, eller for å motarbeide brot på rettane.

– Fargespill er ein verdig vinnar, og får prisen for deira viktige arbeid for og med barn. Framsyninga er ein framsyning for og med barn, men det er så mykje meir enn ein framsyning, seier Tirill Sjøvoll som er politisk rådgjevar i Redd Barna.

– På sin spesielle, særeigne, og spesielle måte så er Fargespill med på å innfri barns rett til medverknad, barns rett til å bli høyrt, til å bli møtt med respekt og forståing, og ikkje minst retten til ei meiningsfull fritid, seier ho.

Ho seier at prisen anerkjenner det viktige arbeidet som Fargespill har gjort, og ho får støtte hjå aktørane i at prisen er fortent.

– Eg synst det er veldig fortent, fordi dei viser fram barn frå andre land og Noreg, og dei får lov til å vise seg fram slik dei vil, seier Dorthe Elisabeth Meidel Larsen på ti år.

Tuva Tveit Lohne på 16 år er einig, og ho seier Fargespill har lært ho mykje.

– Prisen er fortent, absolutt! Me gir ei finn oppleving for barn som kjem til Noreg, og ein fin, ny start på eit nytt liv i eit nytt land, seier ho.

Dekontee Manyeah og Dorthe Larsen

FORTENT: Dorthe Larsen (høgre), tykkjer Fargespill fortener barnerettighetsprisen. Her saman med Dekontee Manyeah som var med er aktør i Fargespill.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
  • Sjå musikkvideo der Aves er med frå ca. 3 minutt ut i videoen: