– Ein risikerer å hamne i fengsel fordi ein skriv ting mange ikkje likar

Jusprofessor meiner det er blitt for enkelt for politiet å slå ned på bloggar og andre ytringar på nettet. Bloggar Eivind Berge er ein av dei som reagerer på fengslinga av Varg Vikernes.

Berge og Vikernest

TATT FOR BLOGGING: Både Eivind Berge (tv) og Varg Vikernes har blitt arrestert på bakgrunn av innhaldet i bloggane deira.

Foto: NRK / Wikimedia commons
Vikernes sin gård

ARRESTERT: Fransk politi gjekk tysdag til aksjon mot garden der Varg Vikernes bur saman med kone og born.

Foto: NRK

– Det er heilt tydeleg at ein risikerer å bli fengsla og arrestert sjølv om ein uttalar seg innanfor ytringsfridomen. Ytringane til Varg Vikernes ligg heilt klart innanfor det, seier Berge til NRK.no.

Bloggaren reagerer sterkt på arrestasjonen av Varg Vikernes i Frankrike tysdag. Fransk politi meiner den høgreekstreme nordmannen planla ein massakre.

– Forkasteleg

Overfor nyhendebyrået AFP underbygga innanriksminister Manuel Valls slutninga om å gå til aksjon mot Vikernes med at det er naudsynt i kampen mot terrorisme «å handla på førehand, og ikkje etterpå».

– Det er heilt forkasteleg, det skal ikkje vera sånn, kommenterer Berge.

– Han er arrestert for å planlegge å planlegge ei terrorhandling, dei har ikkje funne konkrete planar eingong, held han fram.

Berge har sjølv kjent på korleis det er å hamna i søkjelyset grunna sterke meiningar. I juni 2012 skreiv Berge ei oppfordring til politidrap på bloggen sin.

– Lett å bli stempla som gal

Han vart arrestert og sat i varetekt i 22 dagar, men slapp fri i august 2012 då høgsterett slo fast at ytringar på ein blogg ikkje skal reknast som offentlege ytringar.

Seinare på hausten vart saka lagt bort av politiet. Førre veke gjekk han til søksmål mot staten.

– Kva er det du reagerer mest på i saka med Vikernes?

– Det går ikkje an å sei kva ein meiner lenger. Og det kan lett skje at ein vert stempla som gal berre fordi ein har sterke meiningar, svarar Berge.

Han påpeikar at Vikernes har ein heilt anna bakgrunn enn han sjølv, og at ein til ein viss grad kan forstå kvifor høgreekstremisten vert mistenkeleggjort.

– Men han skal ha rett til å uttale seg som alle andre. Han har sona straffa si, slår Berge fast.

Seinare er lova endra, og no er det også straffbart å skriva truslar, diskriminerande og hatefulle ytringar på internett.

Meiner grunnlaget er tynt

Norsk politi varetektsfengslet jo Eivind Berge ... Grunn har de ofte, men god nok grunn ikke alltid ... Tipper han er ute snart ...

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen på Twitter om arrestasjonen av Varg Vikernes

Hans Fredrik Marthinussen er jussprofessor ved Universitetet i Bergen. Det siste døgnet har han vore aktiv på Twitter i forbindelse med arrestasjonen av Vikernes.

– Tippar han er ute snart, tvitra jussprofessoren på nettsamfunnet i går.

Han er samd med advokat John Kristian Elden, som tidlegare i dag gjekk ut og sa at grunnlaget for pågripinga av Vikernes er tynt.

– Slik eg tolkar saka så er han mistenkt for å ha gått i gang med å planlegge eit terroråtak, seier Marthinussen til NRK.no og legg til at han kjenner saka frå media.

– Ein veit aldri kva politiet sit med av opplysningar og dokument som me ikkje får vita om. Men det verkar ikkje av det som har komme fram at ein har all verda på Vikernes.

– Det er blitt for enkelt

Hans Fredrik Marthinussen

JUSSPROFESSOR: Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen.

På Twitter nemner han også saka til Eivind Berge. Til NRK utdjupar Marthinussen at det er urovekkjande om ein får ei utvikling der varetekt vert nytta i ein tidleg fase av politiet, sjølv om ein har tynt grunnlag for mistanke.

– Det er blitt for enkelt for politiet å nærast trakassere med folk for kva dei skriv på nettet. Ein risikerer å hamne i fengsel, om så berre for fire dagar, fordi ein skriv ting mange ikkje likar. Ein kan spørje seg kva politiet skulle etterforske i dei dagane Berge sat i fengsel. Vi visste jo allereie kva han hadde skrive, kommenterer Marthinussen.

Han seier mange juristar er bekymra over dei siste ti års utvikling, ei utvikling der han meiner tradisjonelle rettsverdiar ikkje blir gitt den plassen dei burde ha.

– Varetekt er noko som mange vil oppleva som eit stort inngrep. Det grunnleggjande prinsippet er at varetekt er eit etterforskingstiltak som ein skal nytta der det er heilt naudsynt.

– Eg tykkjer vi kan spørje oss sjølv om vi heilt har gløymt demokrati og openheit som vi ynskja oss etter terroråtak i ulike land, meiner Marthinussen.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.