Hopp til innhold

Reagerer på homogambling frå speleselskap

Med Vibeke Skofterud som frontfigur tilbyr speleselskapet Comeon folk å gambla på kva fotballag som får den første opne homofile spelaren. – Heilt feil fokus, meiner fanzineredaktør.

Montasje

Vibeke Skofterud er ambassadør for speleselskapet ComeON som no lar folk vedde på kva eliteserielag som først «kjem ut av skapet». Fanzineredaktør, Gjert Moldestad, er ikkje imponert over den nye oddslista til speleselskapet.

Foto: Reidar Engesbak og Terje Bendiksby

– Eg synest ikkje fokuset bør ligga på kva for klubb eller landsdel nokon står fram i. Det bør heller ikkje handla om at nokon absolutt må stå fram, seier Gjert Moldestad.

Han er opent homofil, redaktør i supporterbladet 12. mann, og har vore ein pådrivar bak kampanjen #tacklehomophobia på internett.

Speleselskapet Comeon lar no folk vedda på kva eliteserieklubb dei trur får den første opne homofile spelaren på laget.

Ifølge dei ligg Vålerenga best an til å få den første homofile spelaren, med ein odds på 5,00, medan speleselskapet har liten tru på at Bodø/Glimt vil vera først ute – dei får ein odds på 40,00.

Skal me begynna å gjetta på namn også? Eg synest me er ute på farleg farvatn her.

Gjert Moldestad

– Det er rett og slett for underhaldninga sin del. Det var nokon diskusjonar om det var passande. Men me kom fram til at dette berre var gøy, seier spelanalytikar i Comeon, Stian Røsvik Bjørstad.

Stian Røsvik Bjørstad

Spelanalytikar i speleselskapet Comeon, Stian Røsvik Bjørstad.

Foto: ComeON!

– Mistenkeleggjering

Gjert Moldestad er ikkje einig at kampanjen nødvendigvis er god underhaldning.

– Eit enorm fokus retta inn mot ein klubb der me nesten skal stå med forstørringsglas å leita etter homofile er ikkje heldig. Då vippar me over til ei form for mistenkeleggjering.

Vibeke Skofterud uttaler i ei pressemelding frå speleselskapet at ho håper dette kan bidra til openheit.

– Kva slags legning du har, er i utgangspunktet ein privatsak. Men det er openbert at vi treng forbilde som står fram som homofile. Både Tippeligaen og herrefotballen treng nokon som visar veg, meiner Skofterud.

Moldestad spør seg kva som vil bli det neste.

– Skal me begynna å gjetta på namn? Skal me laga ei lista med 20 namn på spelarar som ein skulle tru har ein annan legning enn heterofil? Eg synest me er ute på farleg farvatn her.

– Supporterane reagerer forskjellig

Korleis har de kome fram til oddsen på dei ulike laga?

– Dette er ingen eksakt vitskap. Men di mindre urbant miljø som er rundt klubben, jo meir sannsynleg vil det vera at ein fotballspelar har vanskar med å komma ut av skapet, hevder Bjørstad.

Han seier det også har å gjera med tilskodarane og korleis lynnet til ein person i til dømes Bodø, Bergen og Oslo er.

– Me tar også med korleis me trur supporterane ville reagerte dersom ein av deira heltar stod fram som homofil. Tolegrensa er høgare nokon plassar enn andre, og det tar me med inn i sannsynsrekninga.