NRK Meny
Normal

– Utopi å tru på ei tredje bru her

Fleire politikarar reagerer på at verken Vegvesenet eller fylkeskommunen vil legge til rette for Bybanen til Sotra.

Sotrabrua

SKAL ERSTATTAST: Vegen over til Sotra skal få ny bru. Fylkespolitikarane har bestemt at det blir utan eige felt for bybane. No reagerer lokalpolitikarane.

Foto: Andrè Marton Pedersen / NRK

Aud Karin Oen

Aud Karin Oen i SV

Foto: Kai Svellingen-Flatekvål

Onsdag tok fylkespolitikarane i samferdsleutvalet stilling til ein rapport frå Vegvesenet om tilrettelegging av bybanespor på den nye Sotrabrua. Vegvesenet tilrår å lata vera og heller bygga ei eige bru for Bybanen den dagen det trengst.

Med ei stemme overvekt støtta samferdsleutvalet tilrådinga frå Statens vegvesen, overraskande nok kom den stemma frå Kristeleg Folkeparti. Dei blir av fleire omtala som "bybane-partiet".

- Vegvesenet viser nok ein gong at dei går baklengs inn i framtida, med ei defensiv haldning til kollektivtrafikk, seier Aud Karin Oen (SV) til avisa Vestnytt.

1,3 milliardar kroner billegare

Slik det ser ut no, vil altså ikkje den nye Sotrabrua bli dimensjonert for bybane til og frå Straume ein gong i framtida. Vegvesenet seier at skal det lønne seg å legge til rette for det no, må Bybanen kome til Straume før 2027.

– Når vi ser kor lang tid det tar med Bybanen til Åsane, så blir vi usikre på når den kjem til Sotra og Straume. Vi meiner det er prekært å få på plass eit nytt Sotrasamband for bil og buss, så snart så råd, sa fylkesleiar Pål Kårbø i KrF til NRK onsdag, etter å ha stemt nei i samferdsleutvalet.

Ei ny Sotrabru med eige bybanespor vil kosta 4,4 milliardar kroner å byggja. Tek ein vekk det, blir brua 1,3 milliardar kroner billigare.

Fryktar det er kroken på døra

Vegvesenet tilrår å heller bygge ei eiga bybanebru, den dagen det blir aktuelt. Ei slik løysing vil i seg sjølv koste 2,2 milliardar kroner. Aud Karin Oen (SV) frå Øygarden, som også sit i fylkestinget, seier det er kroken på døra for bybane til Sotra om det ikkje blir tilrettelagt for det no.

– Det er utopi å tru på ei tredje bru i sundet.

Det er Torill Selsvold Nyborg i KrF samd i.

– Mitt utgangspunkt er at den nye Sotrabrua må klargjerast for bane no, for ei eiga bybanebru er heilt i det blå, seier ho til Vestnytt.

Skal opp på nytt i september

Selsvold Nyborg vil jobba for at KrF snur i saka, når den skal opp til endeleg vedtaket i kultur- og ressursutvalet 16. september. Også fylkesleiar Kårbø seier at KrF kan ombestemma seg.

– Me skal sette oss ned saman med lokallaget og vurdere dette grundig før høyringssaka i september.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.