Ein sti som er laga for sauene til ein bonde på Ravnanger er så rasutsett at fjellet må sikrast, skriv Askøyværingen.
Dette er kommunen sitt ansvar då den opprinnelege stien låg der Ravnanger Bo- og omsorgssenter blei bygd.
Kommunalt ansvar
Bonden gav frå seg grunn til bygging av omsorgssenteret under føresetnaden av at kommunen bygde ei fe-gate som gjer det mogleg for sauene å koma seg frå nedre til øvre beiteområde.
Denne krøtterstien blei bygd, men er altså ikkje trygg å gå på fordi fjellet er sprukken opp. Bonden har sjølv sendt brev til kommunen der han ber om rassikring.
- Absurd
På torsdag skal komité for teknikk og miljø handsama denne saka. rassikringa vil altså kosta ein halv million kroner - pengar som må finnast på budsjettet for neste år.
Komitémedlem Roald Viksund (Krf) ser det absurde i at kommunen skal bruka 500 000 kroner på rassikring for sau.
- Eg trur eg reagerer som alle andre i denne saka. Me må kunna finna andre måtar å løysa dette på, seier han til Askøyværingen