NYE BILETE: Hatlestad terasseSjå bileta frå oppryddinga
Bebuar Terje Middelton er talsmnann for ei arbeidsgruppe som no representerer bebuarane.
- Det er ingen som skal vera prøvekaniner i denne prosessen. Me skal ikkje ha stor grad av tryggleik, men hundre prosent tryggleik, slår han fast.
Organisere bebuarar
No har bebuarane på Hatlestad terrasse organisert ei arbeidsgruppe som skal ta seg av deira interesse opp mot kommunen og forsikringsselskapa.
Dei har ei overordna sak på dagsorden: Ingen flyttar tilbake i dei 16 bustadane under rasstaden eller til bustadane i henget over raset før heile skråninga er sikker.
Stolar på intuisjonen
I dag skal bebuarane sjølve få undersøka området saman med ein geolog.
- Me har ein eigen intuisjon, og det er den eg kjem til å stola på. Folk seier det at dei vil flytta heim, men at dei vil flytta på hotell når det er meldt mykje regn. Sånn går det ikkje an å bu i eit hus, meiner Middelton.
Rassikringa drøyar
No har også Bergen kommune sagt at ryddearbeidet og undersøkingane av rasstaden vil verta utvida.
Dei reknar med at arbeidet vil drøya meir enn dei først forventa.
Folk vil ikkje tilbake
Men nokre av bebuarane på Hatlestad vil aldri få tryggleiken tilbake etter opplevinga av det dramatiske raset onsdag.
- Fleire har sagt det rett ut at dei ikkje vil tilbake, fortel Middelton.