Hopp til innhold

Blei fanga i uvêret: – Me hadde ingen kontroll

Kameratane slapp så vidt unna eit lasteskip som kom rett mot båten deira i uvêret. – Det var ei skrekkeleg oppleving, seier dei.

Blei fanga i uvêret: Kameratane slapp så vidt unna eit lasteskip som kom rett mot båten deira i uvêret. – Det var ei skrekkeleg oppleving, seier dei.

VAR FANGA I STORMEN: Gökhan Ercan (t.v.) og Rasmus Mehl hamna midt i uvêret då dei la ut i båt tysdagsettermiddag. – Det var ei skrekkoppleving og rett og slett og veldig dramatisk, seier dei.

Tysdagsettermiddag blåste vinden opp i full storm på deler av Vestlandet. Samstundes la Rasmus Mehl, Gökhan Ercan, ein tredje kamerat og hunden ut i Hjeltefjorden utanfor Våge på Sotra. Men så stoppa motoren på båten.

Lastebåten ploga seg mot oss. Då tenkte eg at treffer den oss, så har me ingenting å stille opp med.

Rasmus Mehl

Like før halv fem fekk politiet og HRS naudsamtalen frå båten.

– Vinden tok raskt tak i oss. Me dreiv raskare, det byrja regne og blåse skikkeleg opp og båten tok inn vatn. Då ringde me nødnummeret igjen, for me hadde ikkje kontroll i det heile tatt. Då var det var sjøen som bestemte, og eg kjende panikken komme, seier Rasmus.

– Eg tenkte gjentatte gonger: kvifor er eg her no? Eg skulle heldt meg heime. Det var idioti å reise ut. Me visste det var meldt storm, men tenkte jo at det skulle gå fint for me skulle berre ein kort tur heim frå hytta. Men denne gongen gjekk det ikkje heilt som planlagd.

LES OGSÅ: Skulle bare ta en siste seiltur da han seilte på grunn

Lasteskip heldt på å treffe båten

Redning Hjeltefjorden

BERGA: Her blir dei tre kameratane berga frå uvêret av redningsmannskapet på K.G. Jebsen tysdagsettermiddag.

Foto: Redningsskøyta K.G. Jebsen

Medan dei tre venta på redningsskøyta og prøvde å halde vatnet ute, kom eit lasteskip mot den 14 fots båten.

– Det kom rett mot oss og ploga gjennom sjøen så lett som ingenting. Då tenkte eg at treffer den oss, så har me ingenting å stille opp med, fortel Rasmus.

Lasteskipet var 5–6 meter frå båten då den passerte.

– Då den klarte å styre unna oss kjente eg på pulsen at dette vil eg ikkje gjere fleire gonger. Det var ei skrekkoppleving og rett og slett og veldig dramatisk.

– Ein gløymer korleis vêrkreftene set i gong

Det tok tjue minutt frå HRS fekk meldinga til dei var framme. Klokka 16.41 var Redningsskøyta K.G Jebsen ved båten og hadde kontroll på dei tre passasjerane.

Alfred Alstrøm

K.G. JEBSEN: Kaptein Alfred Alstrøm på redningsskøyta K.G Jebsen seier dei rykkjer ut til slike redningsoppdrag støtt og stadig.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Kaptein Alfred Alstrøm kom fram til tre blaute og kalde båtførarar.

– Det var sørleg storm, mykje nedbør, og dei var i ein liten 14 fots båt. Det er ikkje den beste båten å vere ute med på den tida midt i hovudskipsleia. Det var blitt mørkt også, så dei syntest ikkje så godt.

– Utan motordrift hadde dei truleg stranda på ein aude holme. Eg vil ikkje tru dei hadde klart seg så mange fleire timar slik som vêret utvikla seg, seier Alstrøm.

– Dei redda liva våre

Redningsskøyta rykker ut på slike oppdrag langs heile Noregskysten.

red

SKULLE VERE KORT TUR: – Me visste det var meldt storm, men tenkte jo at det skulle gå fint for me skulle berre ein kort tur heim frå hytta, seier Rasmus Mehl og Gökhan Ercan.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Slike redningsaksjonar skjer støtt og stadig. Spesielt når det er lenge sidan det har vore dårleg vêr. Ein gløymer litt korleis vêrkreftene set i gong. No hadde me litt flaks med at ein lastebåt observerte dei, og me låg ikkje meir enn 15 minutt unna, seier Alstrøm.

Det som skulle vere ein kjapp tur, blei ei forferdeleg oppleving for dei tre kameratane.

– Eg var nervøs og redd, og tenkte at no kjem me til å falle i vatnet. Då eg såg redningsbåten tenkte eg: Du skal ikkje døy i dag. Dei kom raskt og redda liva våre, og me set stor pris på det dei gjorde for oss, seier Gökhan Ercan.

LES OGSÅ: Måtte hoppe i havet da båten veltet