Hopp til innhold

Rasar etter kaosritt i Bergen: – Busselskapa bør skamme seg

TV2s sykkelekspert sat med hjartet i halsen under innspurten av dagens store sykkelritt i Bergen.

Trangt under sykkelritt i Bergen

KAOS: Bussar og bilar gjorde det svært trongt for syklistane å koma seg fram under innspurten av dagens Tour des Fjords-etappe i Bergen. Bilete med tillating frå TV2.

Foto: TV2

Ein av Norges fremste sykkelekspertar, Johan Kaggestad i TV2, er svært lite nøgd med deler av dagens Tour des Fjords-etappe frå Os til Bryggen i Bergen sentrum.

I eit ufyseleg regnvêr vart rittet det komplette kaos då hovudfeltet sykla i feil retning etter å ha passert Puddefjordsbroen i Bergen sentrum.

Men det som får Kaggestad til å reagere, er det som skjer mot slutten av rittet. For sykkelinteresserte som følgde innspurten på fjernsyn, kunne sjå at syklistane forserte både parkerte bilar og bussar som stod i vegen, mellom anna på Årstad og i Sandviken.

Johan Kaggestad

LITE IMPONERT: TV2s sykkelekspert Johan Kaggestad meiner det var fleire farlege situasjonar mot slutten av dagens sykkelritt i Bergen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Dei burde skamma seg

Sykkeleksperten hevdar fleire bussjåførarar har ignorert vaktene som passar på at ingen uvedkommande tek seg inn i løypa når syklistane nærmar seg.

– Eg er sjokkert over busselskapa som køyrer mot vaktene, ignorerer dei og skapar farlege situasjonar når dei køyrer mot syklistar som kjem i 70–80 kilometer i timen, seier ein opprørt Kaggestad.

– At hovudfeltet sykla feil er no ein ting, men det var bussane som tok knekken på meg i dag.

– Ærleg feil

Skyss driv bussrutene i Bergen og Hordaland for fylkeskommunen.

Marknadssjef Hanne Alver Krum avviser at nokre av deira sjåførar med vilje har ignorert vaktene i sykkelløypa.

– Men det har vore ein episode der ein buss køyrde ut i traseen. Alt tyder på at det ikkje var ein vakt til stades akkurat der, så det er snakk om ein ærleg feil, seier Krum til NRK.

– Trafikken vart stoppa for seint

I tillegg til Skyss sine bussar, er det framleis mange turistbussar att i Bergen. Skyss meiner trafikken inn til sentrum vart stoppa alt for seint då rittet nådde Bergen, samt at det var manglande vakthald.

– Det førte til at bussane våre hopa seg opp i sentrum, og når bussane da står langs traseen så blir det trongt. Saman med arrangørane vil vi gå gjennom rutinane for tilrettelegginga for å hindre at noko slikt skjer igjen.

– Det er komplisert å gjennomføra sykkelritt i store byar. Men vi må klare dette i Norge også. Under VM neste år vil løypa vere heilt stengd, seier dagleg leiar Roy Hegreberg i Tour des Fjords.

– Ansvaret er vårt, saman med politiet, Vegvesenet og dei lokale arrangørane.

Tour des fjords 2016 i Bergen

Målgang framfor Bryggen i Bergen.

Foto: ANDY LYONS / AFP

Skryt av VM-løypa

Deler av traseen som syklistane køyrde gjennom i Bergen i dag, er den same som skal nyttast i sykkel-VM neste år.

Men då er tryggleiksnivået enno høgare, og alle gater vil bli stengd av med gjerde.

– Det vart jo ein bra generalprøve, med tanke på at ein har lært mykje av dagen i dag, kommenterer Kaggestad, som meiner det vil bli spektakulært i Bergen neste år når verdseliten skal kjempa om VM-gull.

– Det kjem til å bli eit usedvanleg spennande ritt gjennom Bergens smale gater og bratte bakkar, avsluttar Kaggestad.