Hopp til innhold

Ras stenger vegen over Fanafjellet

  • FANAFJELLET OPNAR IKKJE:

    Fylkesveg 163 over Fanafjellet blir ikkje opna i dag. Det melder Statens vegvesen. Vegen er stengt som følgje av eit steinras. Omkøyring via E39. – Mest sannsynleg blir det stengt i nokre dagar, seier trafikkoperatør Ronny Sleire hjå Vegtrafikksentralen.

  • STENGT PÅ UBESTEMT TID:

    Fylkesveg 163 over Fanafjellet i Bergen er stengt på ubestemt tid. Det er kome fleire store steinar ned i vegbana og politiet seier det er bevegelsar i fjellsida som gjer at dei fryktar det kjem meir. Entreprenør er på staden.