Hopp til innhold

Steinras på E16

Det har gått eit steinras ved Kjenestunnelen på E16 i Vaksdal. Vegen er rydda og ein kan passera i begge køyrefelt.

SISTE: Klokka 11.25 opplyser Vegtrafikksentralen at det er rydda på staden og at trafikken kan passera i begge køyrefelt.

– Vi har fått meldingar om eit steinras på vestsida av Kjenestunnelen, bekreftar trafikkoperatør Svein Ivar Ellefsen hjå Vegtrafikksentralen til NRK klokka 10.40.

Han opplyser om at det går an å ta seg forbi på staden og at vegen førebels ikkje vert stengd. Politiet er på staden, og det er ikkje kome meldingar om at nokon er treft av raset.

– Entreprenør er på veg for å rydda opp, held Ellefsen fram.

– 60–70 kg store steinar

E16 mellom Bergen og Voss er ein svært rasutsett strekning. Seinast i oktober gjekk det eit stort jordras mellom Risnestunnelen og Romslotunnelen.

Denne gongen dreiar det seg om eit mindre steinras, ifølgje politiet som er på staden.

– Tipsar har fortalt oss at nokre av steinane som er kome ned kan vera på rundt 60 til 70 kg, fortel Ellefsen.