NRK Meny
Normal

Rapportkritikk mot ulukkesarbeid

Etter flyulykka på Stord vart det leita etter ein "forsvunnen" passasjer. No får både politi, Helse Fonna og kommunelegen kritikk.

Redningsmannskap gjekk manngard etter passasjer som var feilregistrert som overlevande.

Flyulykke, Stord

Fire personar omkom då eit pendlarfly køyrde utanfor rullebana på Stord lufthamn 10. oktober.

Foto: Stephen Sollid

Får kritikk

I ein rapport ført i pennen av beredskapsleiar Finn Arve Åsbu ved Helse Fonna, får både politi, Helse Fonna og kommunelege Lars Helge Sørheim kritikk, skriv bladet Sunnhordland.

- Skadelappar blei ikkje brukte, og var heller ikkje tilgjengelege. Dette kan ha vore ei medverkande årsak til at ein pasient blei feilregistrert, heiter det i rapporten.

Frykta personen var i sjokk

Dei siste skadde blei frakta til Stord sjukehus før klokka 10. Klokka 11.30 fann politiet tre omkomne i flyet. Men på det første kontrollmottaket for pasientane var det registrert éin person meir inn enn ut. Det gjorde at store mannskapar blei sendt ut for å leita etter passasjeren.

Politi og helsepersonell frykta for helsa til personen som dei rekna med kunne vera i sjokk.

- Detaljar

I rapporten får blant anna kommunelegen Lars Helge Sørheim gjennomgå for å ha sendt ni lettare skadde pasientar til Stord sjukehus, trass i at det var gjeve melding om avgrensa kapasitet ved sjukehuset. I tillegg vert innkallingssystemet til sjukehuset kritisert.

- Men dei kritiske merknadene som kjem fram, er nemnd som mindre detaljar i den store samanhengen, seier Finn Arve Åsbu til Bergens Tidende.

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.
Nyheter og reportasjer fra Hordaland og Sogn og Fjordane