NRK Meny
Normal

Møte i banken førte til væpna politiaksjon

Politiet væpna seg då ransalarmen gjekk hjå DNB i Laguneparken i Rådal.

Ran DNB Laguneparken

VÆPNA SEG: Politiet på plass utanfor DNB sine lokale i Laguneparken.

Foto: Johannes Morland / NRK

Ransalarmen gjekk i 17.20-tida måndag ettermiddag. Politiet væpna seg og rykka ut med store politistyrkar då alarmen gjekk.

DNB sine lokale i Laguneparken ligg i Rådal, kring 20 minuttars køyring frå Bergen sentrum.

– Ikkje ran

Klokka 17.50 melder politiet på Twitter at det ikkje dreiar seg om eit ran. Årsaka til at alarmen vart utløyst er ikkje kjend.

– Vi fekk etter kvart kontakt med tilsette inne i banken som kom ut. Banken var ikkje open, men vi veit ikkje kva som har utløyst alarmen, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt.

Ho fortel at politiet no gjer undersøkingar for å finne ut kva som utløyste alarmen.

– Det er viktig for oss. Men ingenting tyder på at det har vore noko ran.

Sat i møte

Politiets innsatsleiar seier til NRK sin reporter på staden at nokre tilsette sat i møte inne i banken.

– Men vi fekk ikkje kontakt, og måtte handtera det som ei reell hending. Vi må ta det alvorleg når det går ein alarm i ein pengeinstitusjon. Men vi var raskt på staden, og såg at alt verka normalt, seier Frank Listøl til NRK.

– Det er uheldig at det går ein alarm på dette nivået. Vi bruker frykteleg mykje ressursar, så dette kan bli noko å følgja opp seinare. Det har vore ein rutinesvikt, slik eg oppfattar det.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik