Hopp til innhold

Mor fortvilar over dottera sin nye kvardag: – Dei faste rutinane er borte

SØRÅS (NRK): I 12 år hadde autistiske Helga åtte pleiarar som gjekk i «oljeturnus» rundt henne, men kommunen tok den vekk. No vil folkehelseminister Sylvi Listhaug ha turnusen tilbake i kommunane.

Eldreminister Sylvi Listhaug (Frp) besøker Randi Drange, mor til autistiske Helga Drange

BESØK: Denne veka besøkte eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) Randi Drange på Sørås i Bergen. Drange si dotter Helga lir av sterk autisme og saknar ifølge mora oljeturnusen kommunen no har gått bort frå.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

For 15 år sidan var Helga Drange ein av kommunens mest krevjande brukarar. Utagerande framferd og etterfølgande tvangsmiddel var daglegdags for kvinna som lid av sterk autisme.

– Ho reiv av håret til folk, dei blei sjukmelde. Eg fekk jamleg ein bunke med tvangsmeldingar frå Fylkesmannen, sa Randi Tyvold Drange til NRK i 2017.

Helga og Randi Drange

GAV TRYGGLEIK: Langturnusen gav ein føreseieleg kvardag for Helga som lir av sterk autisme. No hopar mora, Randi, at turnusen snart kjem tilbake att.

Foto: Christian Lura / NRK

Turnusen som gav trygglek forsvant

Mellom 2005 og 2017 fekk pleiarane ved Mildevegen bufellesskap dispensasjon til å gå inn i langturnus. Dei tilsette hadde 14-timarsvakter sju dagar i strekk, med etterfølgande tre veker fri.

For Helga sin del førte turnusen til ein føreseieleg kvardag. Kvar tysdag og fredag, heile året rundt, var det vaktskifte.

– Tysdag, fredag, tysdag, fredag. Slik var det heile vegen. Autistar likar ikkje endring. Turnusen gav henne tryggleik. No er dei faste rutinane borte.

Ein rapport frå Fafo, som vurderte prøveprosjektet i Bergen, konkluderte med variantane av langturnusen der dei tilsette jobba meir enn fem dagar i strekk, gjorde brukarane trygge, dei pårørande nøgde og at sjukefråværet blant dei tilsette gjekk ned.

Sparar to millionar i året per brukar

Likevel gjekk Bergen kommune vekk frå den såkalla oljeturnusen i 2017. No er den erstatta med ein langturnus der tilsette jobbar tre-fire dagar i strekk i staden for sju.

Kommunen meiner det gir meir kontinuitet når dei tilsette ikkje har tre veker fri for å ta seg inn.

– Det er nok ulike meiningar blant dei tilsette kor vidt det eine eller det andre er betre, men i ei totalvurdering meiner me at langvakta med tre-fire dagar i strekk er ei god løysing, seier helsebyråd i Bergen, Beate Husa (KrF).

Innsparinga er på om lag to millionar kroner per brukar. Totalt utgjer det rundt seks millionar i året.

– Økonomiske omsyn har ikkje vore ei hovudårsak til at turnusen er endra, hevdar Husa.

Sylvi Listhaug hjemme på kjøkkenet til Randi Drange

VIL HA OLJETURNUS: Historia om Helga gjorde inntrykk på Listhaug. Ho vil ha meir av ordninga som Bergen kommune vraka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Meiner systemet går framfor dottera

For Helga Drange sin del betyr endringa at mønsteret med vaktskifte er brote. Ifølge mora er tilstanden hennar forverra dei siste åra. Ho meiner turnusendringane ein del av årsaka.

– Slik det er no evaluerer dei turnusane, men dei evaluerer ikkje korleis dette påverkar personane det gjeld. Her meiner eg systemet har gått framfor personen, seier Randi Drange.

Byråd Husa ønskjer ikkje kommentera enkeltpersonar, men seier kommunen også har evaluert korleis turnusendringane har slått ut for brukarane.

– Me ser på dette i eit totalbilete, der òg dette perspektivet sjølvsagt blir vurdert. Det ligg ikkje føre konkrete planar om å gå tilbake til den andre turnusen no.

Beate Husa på valgfestival i Bergen

IKKJE ØKONOMISK: Helsebyråd Husa hevder økonomi ikkje var ein av grunnane til at turnusen blei tatt bort, trass i at kommunen spara to millionar per brukar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Ingen skam å snu

I neste års budsjett ønskjer regjeringa å setta av ein tilskotspott på 23 millionar kroner som kommunar kan søka frå. I første omgang er det snakk om tilskot for å setja i gang prosjekt.

Målet er å auka kvaliteten og kontinuiteten i omsorgstenestene, i tråd med regjeringa si eldrereform.

– I framtida vil me ha trong for fleire hender i helsesektoren. Ved å ha meir fleksibilitet knytt til arbeidstid og turnus kan det verta lettare for fleire å jobba i omsorgstenestene.

No vil regjeringa ha meir av det Bergen kommune prøvde ut og seinare forkasta.

– Basert på det Randi fortel meg er det tydeleg at den gamle ordninga fungerte mykje betre for Helga. Då er det ingen skam å snu, seier Listhaug.

– Viss staten kjem med ei ordning som kan vera aktuell for oss å prøva ut, så er me nysgjerrige på å sjå innretninga av den, seier helsebyråd Husa.

Randi Drange fryktar no at det pleiarane og familien har bygd opp dei siste tolv åra visnar bort.

– Dei tolv åra med turnusen gjorde noko fundamentalt trygt for meg. Eg kan ikkje forstå at denne turnusen ikkje kan bli ein mal for veldig mange. For det er den verdt.