Ranar med sprøyte stakk av

Ein mann trua til seg pengar med ei sprøyte, før han stakk av frå 7-eleven i Bergen sentrum.

Ran på 7-eleven i Christies gate

7-eleven i Christies vart rana igjen tysdag morgon.

Foto: Arne Ellingsen

Klokka 09.10 fekk politiet melding om eit ran av 7-eleven i Christies gate i Bergen sentrum.

Trua med sprøyte

Mannen fekk med seg kassen, men kasta den frå seg på gata før han forsvann.

– Ein mann trua med ei sprøyte, og tok med seg kassen før han la på sprang frå staden, han fekk med seg eit ukjent beløp pengar, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit, til NRK.

Politiet er på jakt etter mannen i området rundt Nygårdsparken.

Kasta kassen

Ei kvinneleg tilsett sprang etter mannen, og skal ha fått frå han kassen.

– Han fekk ikkje med seg noko, seier ho.

Den same 7-eleven-butikken vart rana for ein dryg månad sidan. Den 29. mars trua ein mann til seg eit mindre pengebeløp med kniv eller sprøyte.

Siste video

Komitéleiar Martin Paulsen forklarar kvifor den 30. Raftoprisen går til menneskerettsforkjemparen Yanar Mohammed for hennar arbeid for kvinner og minoritetsgrupper i det krigsherja Irak.
Kunstverket "This Must Be The Place" skal lyse mot tilreisende når de ankommer nye Bergen lufthavn Flesland fra neste vår.
Vestlandets første øko-landsby skal byggast i Bruvik på Osterøy. Dei kanskje litt svevande planane har eksistert lenge. Men no har ei gruppe eldsjeler begynt arbeidet.