Lensmannen i Lindås og Meland hadde fått klager frå publikum om råkjøring på RV 565 ved Alversund barneskole.
Det fekk dei til å reise ut for å sjå med eigne auge.
Politiførstebetjent Terje Hilland kunne skjokkert konstatere at klagene om råkøyring stemde.
Halvparten mista lappen
I løpet av ein time passerte sju bilar fartskontrollen ved barneskulen. Heile tre av dei køyrde så stygt at førarane vart fråtekne førarkorta på staden. To av dei køyrde i 91 km/t medan den siste køyrde i heile 98 km/t. Det er 60-sone på staden.
- Skremmande
Tidspunktet og staden råkøyringa skjedde på er med på å gjere lovbrota ekstra graverande, seier Hilland.
- Dette skjedde i den tida då ungane kryssar vegen for å gå på skulebussen. I det eine tilfellet passerte bilen skulebussen medan bussen sto og tok på skuleborn. Det gjekk jo kaldt nedover ryggen når eg såg bilen komme, seier politiførstebetjenten.
Fleire kontrollar
Fem personer mista førerkortet i to fartskontrollar i Lindås tysdag og onsdag. Den stygge køyringa gjer at politiet seier dei no vil intensivere kontrallverksemda i området.