Hopp til innhold

Ragnhild (10) fann gassballong som har svevd 90 mil

Ti år gamle Ragnhild gjorde litt av eit funn ved Bømlo førre helg. Ein gassballong frå eit universitet i England har tatt den lange vegen over Nordsjøen.

Ragnhild og gul gassballong

SVEVD OVER NORDSJØEN: Ragnhild synest det var spennande å finna ballongen som hadde tatt vegen heilt frå Keele i England.

Foto: Montasje

– Eg gjekk på tur med pappa og då såg eg noko gult borti nokon brakebuskar. Eg sprang bort for å sjå kva det var, og der låg det ein ballong som det stod noko på.

Ragnhild vart nysgjerrig på kor ballongen kom frå.

– Me tok han med heim og så såg me på nettet kor han kom ifrå, og då såg me den kom heilt frå Storbritannia. Det var veldig kult, og veldig gøy at det er me som fann han.

Var det noko luft att i ballongen?

– Ja, det var litt luft att. Eg har ballongen endå, men det byrjar å minka veldig på lufta no.

Det var på Otterøya i sjøen mellom Bømlo og Stord at Ragnhild gjorde det spennande funnet.

Svevd 900 km

Ballongen tok turen frå Keele i England til Bømlo kommune, ei reise på nærare 900 kilometer. Det er omtrent like langt som att og fram til Oslo frå Bergen.

Mor til Ragnhild, Ingrid Digernes, har hatt kontakt med Universitetet i Keele, som la ut bilde av dottera og ballongen.

– Universitetet synest det var ein artig historie, og hadde lyst å legga det ut så alle kunne sjå. Så no ligg historia ute på Twitter, Instagram og Facebook.

Her etterlyser dei personen eller personane som sende opp gassballongen, sjølv om det kanskje kan vera litt vanskeleg å finna ut av.

Ballongen har blitt sendt opp i lufta i forbindelse med ein sokalla Community Day ved Universitetet.