Hopp til innhold

Raftostiftinga refsar sin viktigaste prisvinnar

– At Aung San Suu Kyi ikkje fordømmer militærets vald og overgrep mot sivile i Myanmar, gjer henne medansvarleg, seier dagleg leiar i Raftostiftelsen, Jostein Hole Kobbeltvedt.

Aung San Suu Kyi i Bergen

SKUFFAR: Raftostiftelsen er kritisk til at Aung San Suu Kyi ikkje fordømmer grove overgrep mot ein minoritet i heimlandet Myanmar.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Dei siste vekene har over 300 000 menneske frå minoritetsgruppa rohingya flykta over grensa frå delstaten Rakhine i Myanmar til Bangladesh. Dei fortel om drap og grufulle overgrep mot sivile.

Kritikk mot ein helt

Den internasjonale kritikken mot Raftoprisvinnaren Aung San Suu Kyi har auka, fordi ho ikkje har tatt avstand frå hæren i Myanmar sine intensiverte overgrep og etniske reinsing mot rohingyaene.

– Me er uroa over at ho lenge har vore stille om overgrepa, at ho internasjonalt har gått langt i å diskreditera organisasjonane som har påpeika overgrepa, og at ho har nekta FN tilgang til nokre av områda der overgrepa skjer. Det er heilt uakseptabelt og me er svært skuffa, seier Kobbeltvedt i Raftostiftelsen i Bergen.

Raftostiftelsen held dei ansvarlege ansvarleg, inkludert Aung San Suu Kyi.

Jostein Hole Kobbeltvedt, Raftostiftelsen
Jostein Hole Kobbeltvedt

REFSAR EIN HELT: Dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt seier Raftostiftelsen meiner Aung San Suu Kyi har opptredd heilt uakseptabelt overfor militæret i Myanmar sine overgrep mot minoritetsfolket rohingya.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I eit lesarbrev i BT ber han i dag Aung San Suu Kyi gjera alt i si makt for å stoppa overgrepa.

– Ho må fordømma valden mot sivile, elles kan ho bli medansvarleg for folkemord, seier han til NRK.

Aung San Suu Kyi fekk Raftoprisen i 1990, medan ho var ein ukjend menneskerettsforkjempar. Året etter fekk ho Nobels fredspris. Både før og etter pristildelingane sat ho mange år i husarrest i hovudstaden Rangoon.

Fekk prisen etter 22 år

Først i 2012 fekk ho lov til å dra utanlands. Då vitja ho Bergen, og framfor 20.000 menneske på Torgalmenningen takka ho for Raftoprisen ho fekk 22 år tidlegare.

Burmesere møter Aung San Suu Kyi

POPULÆR: Den legendariske Raftoprisvinnaren Aung San Suu Kyi vitja Bergen i 2012.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

I 2015 vann partiet hennar National League for Democracy valet i Myanmar med stort fleirtal. Men grunnlova hindrar henne å vera formelt statsoverhovud og fråtar den sivile regjeringa makt over militæret.

Suu Kyi er likevel landets faktiske politiske leiar. Kobbeltvedt viser til at ho risikerer å mista mykje støtte hjå den buddhistiske majoriteten i Myanmar viss ho viser sympati med rohingya-folket.

– Men med valden me no ser, har ho ikkje lenger noko val. Ho må tydeleg og utvitydig fordømma overgrepa mot sivile. Det er Raftostiftinga si plikt å halda henne ansvarleg viss ho ikkje fordømmer overgrepa.

– Tildelinga var riktig

Han seier situasjonen er trist for Myanmar, for rohingya-folket, og for ryktet Aung San Suu Kyi har internasjonalt.

Me utfordrar dei med politisk ansvar og makt – det gjeld også våre tidlegare prismottakarar.

Jostein Hole Kobbeltvedt, Raftostiftelsen

– Er det ein vanskeleg situasjon for Raftostiftelsen at den mest profilerte og populære prisvinnaren dykkar no får kraftig internasjonal kritikk?

Suu Kyi og Drevland

DREVLAND OG KYI: Fredspris- og Raftoprisvinnaren besøkte Bergen i 2012. Dåverande ordførar Trude Drevland (H) tok mot menneskerettsforkjemparen.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Me gav henne prisen då ho var ein ukjend forkjempar for demokrati og menneskerettar. No har ho makt og innverknad, og er ansvarleg for det styremaktene gjer. Då utfordrar me henne akkurat som andre styremakter der det skjer menneskerettsbrot.

Stiftinga har kontakt med Suu Kyi via Myanmars ambassade i Noreg.

– Me forstår at ho ønsker å møta oss, så me prøver å finna eit tidspunkt for å ta opp kritikken vår direkte med henne, seier Kobbeltvedt.