NRK Meny
Normal

Raftoprisvinnaren må leva i skjul

Raftoprisen 2016 går til den irakiske menneskerettsforkjemparen Yanar Mohammed (55) for hennar arbeid for kvinner og minoritetsgrupper. Ho er truga på livet og lever i skjul.

Yanar Mohammed

TRUGA PÅ LIVET: Prisvinnaren Yanar Mohammed og hennar medarbeidarar er blitt drapstruga for sin kamp mot seksualisert vald i det krigsherja Irak.

– Seksualisert vald er ofte del av ein krigsstrategi, og Irak er eitt av mange døme på at kvinners rettar blir ofra for politiske og militære målsettingar. Vald og overgrep mot kvinner – inkludert valdtekter, bortføringar til prostitusjon og æresdrap – har auka kraftig, sa komitéleiar Martin Paulsen då han offentleggjorde prisvinnaren på Raftohuset i Bergen torsdag.

Kjempar mot seksualisert vald

Yanar Mohammed er arkitekt, oppvaksen i Bagdad. Etter ti års eksil i Canada, der ho arbeidde med kvinners rettar i Irak, vende ho tilbake og etablerte Organization of Women’s Freedom in Iraq (OWFI) i 2003.

Komitéleiar Martin Paulsen forklarar kvifor den 30. Raftoprisen går til menneskerettsforkjemparen Yanar Mohammed for hennar arbeid for kvinner og minoritetsgrupper i det krigsherja Irak.

Raftostiftingas grunngjeving for den 30. Raftoprisen er slik:

«Mohammed arbeider på tre nivå for å sikre rettighetene til sårbare grupper i det krigsherjede Irak: Hun driver opplæring om menneskerettigheter gjennom lokale organisasjoner over hele Irak og gjennom medier hun er redaktør for; påvirkningsarbeid, nettverk og allianser nasjonalt og internasjonalt i kampen mot vold, menneskehandel og seksuelt slaveri. Sammen med OWFI verner hun ofre for overgrep, inkludert overgrep i regi av militsgrupper.»

Er truga på livet

Jostein Hole Kobbeltvedt

RISIKABELT: Å motta Raftoprisen kan vere farleg, derfor må me forsikra oss om at vedkommande ønsker prisen, seier dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Valden sivile i Irak har blitt utsett for er svimlande», fiølge ein FN-rapport. Frå 1. januar 2014 til 31. oktober 2015 er minst 18 802 sivile drepne og 36 245 såra.

Raftostiftinga skriv at «Mohammed er truet på livet for sin virksomhet, og hun og deler av organisasjonen lever i skjul. Aktivister i OWFI opplever at hjemmene blir ramponert og familier truet.»

– Ho gjer offer om til aktivistar

Leiaren av ein irakisk LHBT-organisasjon seier dette om Mohammed:

«Yanar sitt bidrag til menneskerettigheter i Irak har vært uvurderlig for overlevelsen til hundrevis av kvinner, LHBT-folk og andre marginaliserte grupper. Under hennes ledelse har jeg personlig sett ofre for menneskerettighetsbrudd forandre seg til myndiggjorte menneskerettighetsaktivister.»

Padre Melo - raftoprisvinner 2015

2015: Padre Melo frå Honduras fekk overrekt prisen av komiteleiar Martin Paulsen på Den Nationale Scene i fjor.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Får prisen i haust

Yanar Mohammed kjem til Bergen når prisen blir delt ut i Grieghallen 20. november.

Dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftinga seier Mohammed har visst om pristildelinga ei tid.

Me vil alltid forsikra oss om at vedkommande faktisk ønsker å ta imot prisen. For enkelte kan det vera for risikabelt å ta imot ein slik pris, seier Kobbeltvedt.

Fire Nobelprisar

Menneskerettsprisen som vert delt ut i Bergen er internasjonalt anerkjent som ein viktig pris.

Den mest kjende Raftoprisvinnaren er den burmesiske opposisjonspolitikaren Aung San Suu Kyi, som seinare også fekk Nobelprisen.

Tre andre prisvinnarar er seinare blitt tildelt Nobels fredspris – José Ramos-Horta, Kim Dae-jung og Shirin Ebadi.

Burmesere møter Aung San Suu Kyi

22 ÅR ETTER: Aung San Suu Kyi vart tildelt Raftoprisen i 1990, men først i 2012 fekk ho komma til Bergen for å motta prisen og møta burmesarar i byen.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Prisen heiter eigentleg «Professor Thorolf Raftos Minnepris». Den blir kvart år delt ut til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper som kjempar for idear og prinsipp som underbyggjer FNs menneskerettar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.