Hopp til innhold

Lut lei av av kommunal papirmølle

Rådmenn meiner staten overlesser kommunane med byråkrati og krav om rapportering. Regjeringa sitt svar: Ei utgreiing.

Langar ut mot statleg byråkrati

SLÅR ALARM: Mange rådmenn NRK har snakka med meiner rapportering til staten går utover jobben kommunane skal gjera. Rådmann i Os kommune Knut Terje Rekve og rådmann i Kvinnherad kommune Trond Sætereng.

Foto: Montasje

Rådmann Knut Terje Rekve

REAGERER: Rådmann i Os kommune Knut Terje Rekve.

Foto: Os kommune
Rådmann Trond Sætereng

REAGERER: Rådmann i Kvinnherad kommune Trond Sætereng.

Foto: Os kommune

– Det er eit djupt hjartesukk om ei utvikling som ikkje tener innbyggarane, seier rådmann i Os kommune Knut Terje Rekve. Han er ein av mange rådmenn som no har sett seg leie på at kommunetilsette må bruka stadig meir tid på rapportering til staten.

Konsekvensen er at lærarar får mindre tid til å planlegga undervisinga og at sjukepleiarar får mindre tid til å ta seg av pleietrengande.

– Det går ut over timar i skule og det går ut over pleie og omsorg. Det kjennest ikkje rett at me skal bruka av knappe ressursar til dette. Me skal jo først og fremst tena innbyggarane våre, seier Rekve.

LES ÒG: Kommunane får over 6 milliardar meir

Rapporteringa stel tid

Rådmannen i Kvinnherad kommune Trond Sætereng delar frustrasjonen. Han meiner skjemaveldet har vorte eit aukande problem dei siste åra.

– Både administrasjonen og politikarane ønskjer å utvikla samfunnet til beste for innbyggarane. Det får me rett og slett mindre tid til enn tidlegare, seier Sætereng.

Fleire andre rådmenn NRK.no har snakka med er einige i kritikken.

– Føler ingen vert høyrd

Laila Marie Reiertsen

– FEIL KURS: Laila Marie Reiertsen, Framstegspartiet.

Foto: Privat
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

FORSTÅR UROA: Statssekretær Anne-Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Foto: Anne Lise Nordheim/Kommunal- og regionaldepartementet

– Me er på feil kurs og noko bør gjerast, seier stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen frå Framstegspartiet.

Reiertsen stilte, etter eit oppslag i Os og Fusaposten, sprøsmål om skjemaveldet i Stortinget. Ho reagerer på at Regjeringa ikkje tar tak i frustrasjonen ute i kommunane.

– Det er snakk om at byråkratiet tar overhand. Det et seg utover og me følar at ingen vert høyrd og at ingen gjer noko med dette, seier stortingsrepresentanten frå Os.

Skal laga utgreiing

– Denne uroa tek me på alvor, seier statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim frå Senterpartiet.

No ønskjer regjeringa å kartlegga rapporteringsveldet kommunane må hanskast med. Altså ei utgreiing.

Tvinnereim meiner løysinga må vera mindre øyremerking og at kommunane i større grad må få disponera inntektene sine slik dei ønskjer.

– Regjeringa ønskjer å i størst mogeleg grad rammestyra kommunane mest mogeleg. Det betyr at det vert mindre behov for kontroll og rapportering, seier statssekretæren.