Hopp til innhold

Pumpar vatn frå fjorden

Mannskap frå brannvesenet og Sivilforsvaret legg no metervis med slanger for å pumpa vatn frå fjorden og opp dei 250 høgdemetrane til dei høgste punkta der det brenn. – Me må pumpa i seriar oppover. Det er ein slitejobb, men det er terreng me slit med å nå frå lufta, seier brigadeleiar John Magnus Birkeland. Helikopteret er i ferd med å returnera etter å ha fylt drivstoff.