NRK Meny
Normal

Prøvde truleg å svinge unna hjort

Politiet fortel at den omkomne var på veg sørover og at han truleg har prøvd å svinge unna ein hjort som kom mot han frå høgre side.

Ulukke Romarheimsdalen

ULYKKE: Ein mann omkom i ulykka på E39 i Romarheimsdalen

Foto: Livar Aksnes / Strilen.no

– Han trefte hjorten, fekk sleng på bilen og kom dermed over i motgåande køyrefelt. Der trefte han ein møtande bil, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor.

Det er eit hjortetrakk i området der ulykka skjedde.

Hjort

HJORT: Det er hjortetrakk i området der ulykka skjedde

Foto: Eivind Pettersen / NRK

E39 var lenge stengd ved avkøyringa til fylkesveg 569 i Romarheimsdalen etter dødsulukka natt til måndag.

Politiet stadfestar no at den omkomne er i 50-åra og frå Sogn og Fjordane.

Den andre involverte, ein 22-år gammal mann er lettare skadd, det melder Haukeland Universitetssjukehus.

Litt over klokka 08.00 melder Statens vegvesen at vegen er opna.

Fekk melding i natt

To bilar var involvert i ulukka. Politiet fekk melding Klokka 0230 om at det hadde vore ei trafikkulukke på E39 på Romarheim, hovudvegen mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Ulukke på E39 i Romarheimsdalen

KOLLISJON: Bilen kom over i feil køyrebane og trefte ein motgåande bil.

Foto: Livar Aksnes / strilen.no

– Den eine stod i vegbana, den andre låg utanfor. Det var forbipasserande som melde frå dette til oss. Politi og ambulanse blei send til staden, og vi fekk etter kvart stadfesta at den eine personen som var involvert i ulukka var omkomen, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Created by InfoDispatcher

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås