NRK Meny
Normal

Kjempar med nebb og klør mot E39-bru

Når samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen besøker Bergen i dag vil han mest sannsynleg presentere at den nye E39 skal gå over Bjørnafjorden. Med eit slikt bodskap vil han møte protestar.

Ferjefri E39

VIL UNNGÅ BRU: Fleire ordførarar i Hardanger står klare til å protestere mot bru over Bjørnafjorden på den nye E39.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Fem Hardanger-ordførarar og talsmann for næringslivet i Hardanger vil i dag levere eit protestbrev til statsråden, då dei meiner at dei ikkje er blitt høyrt.

Ei gigantbru over Bjørnafjorden til Tysnes og vidare til Stord, blir mest sannsynleg presentert av statsråd Ketil Solvik-Olsen under dagens besøk til Fylkeshuset i Bergen. Målet med besøket er å orientere om E39-utbygginga.

– Eg er skuffa over det, for eg synest at når ein skal planlegge eit så stort vegprosjekt så bør ein sjå heile Hordaland under eitt, seier Odda-ordførar, John Opdal.

– Vil svekke Hardanger

John Opdal Odda

PROTESTERAR: Odda-ordførar John Opdal meiner Hardangerkommunane ikkje har blitt høyrt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Brua vil rasere ein vakker skjergard, samstundes som det blir ei langt dyrare løysing enn å velje indre trasé for ferjefri E39, seier han.

Saman med fire andre ordførarar er han skuffa over at indre alternativ gjennom Fusa vert lagt vekk, og at ein no truleg går for E39 over Bjørnafjorden.

Arnfinn Førsund, talsmann for næringslivet i Hardanger, seier ein ferjefri E39 vil svekke hardangerkommunane. Kostnadsramma må vere klar før traseen blir bestemt, meiner han.

– Eg meiner dette er ein førjulspresang for kysten. Det vil koste Norge dyrt, for eg er sikker på at kostnadane kjem til å bli betydeleg større enn det som ligg i kalkylane, seier Førsund.

Meiner det blir langt dyrare

Slik innleiar Førsund og dei fem hardangerordførarane brevet til samferdsleministeren:

«Det er med forferdelse vi hører sterke rykter om at samferdselsministeren i dag vil bekjent­gjøre regjeringens beslutning om å bygge bro over Bjørnafjorden som et ledd i utbyggingen av en fergefri E39 på Vestlandet. Vi vil nødig tro at disse ryktene kan stemme. En slik beslutning vil koste norske skattebetalere unødvendige milliarder som vil kunne spares inn ved å velge Indre trasé for nye E39.»

Terje Søviknes

VIL HA BRU: Ordførar i Os, Terje Søviknes, meiner midtre trasé er det mest gunstige.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Utanom ordføraren i Odda, har også ordførarane i kommunane Kvinnherad, Fusa, Ullensvang herad og Jondal signert brevet.

– Alle har blitt høyrt

Men ikkje alle er samde i at bru over Bjørnafjorden er feil veg å gå. Det har vore ein lang prosess, men alle har blitt høyrt. Det meiner ordførar i Os kommune, Terje Søviknes, som sjølv er tilhengar av ferjefri E39.

– Men om ein då har fått gjennomslag for sitt synspunkt, det står att å sjå. Sett frå vår side med Os kommune sine auge, store delar av Sunnhordland med Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune med, så har ein hatt eit ønske om den raskaste vegen sørover. Det vil seie midtre trasé, for å binde saman desse viktige arbeidsmarknadsregionane langs vestlandskysten.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.