Hopp til innhold

Prosedyre-krangel etter flyulukka

Havarikommisjonen hevdar flygeren av ulukkesflyet på Stord oversåg ei anbefalt prosedyre. Flygarforbundet seier prosedyren ikkje finst.

 

Måndag uttalte Birger Andreas Bull  i Havarikommisjoneen at det eksisterer ein anbefalt standardprosedyre frå fabrikanten viss spoilarane ikkje løyser seg ut under landing, slik tilfellet var med Atlantic Airways-flyet som havarerte på Stord.

Har leita høgt og lågt

Denne prosedyren går ut på at flygarane så fort som mogeleg må ta flyet opp att i lufta, ifølgje iOslo.no.

Norges Flygerforbund meiner derimot det ikkje finst ei slik prosedyre.

- Vi har leita høgt og lågt, men kan ikkje finne denne prosedyren, seier nestleiar Rolf Liland.

Leiar av Havarikommisjonen, Birger Bull, vil ikkje kommentere saka til NRK.