Hopp til innhold

NHH-professor åtvarar: – Kommunesamanslåing kan komme til å koste

Professor ved Norges Handelshøyskole, Inger Stensaker, åtvarar mot for store forventningar til gevinstar ved kommunesamanslåing.

Inger Stensaker

– IKKJE UKOMPLISERT: NHH-professor Inger Stensaker meiner ein ikkje utan vidare kan forvente positive følgjer av kommunesamanslåingar.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Regjeringa har eit klart mål om å redusere talet på kommunar i den kommande perioden, for å skape meir robuste storkommunar.

Inger Stensaker

Professor ved Norges Handelshøgskole Inger Stensaker.

Foto: Privat

Professor ved NHH i Bergen, Inger Stensaker har forska på fusjonar i næringslivet. Ho meiner politikarane er altfor optimistiske til kva ein vil vinne på å slå saman kommunar, og at det slett ikkje er sikkert at ein vil spare pengar.

– Nei, det er ikkje det. På papiret ser det veldig flott ut, men ein skal jo få den nye organisasjonen og menneska som skal jobbe i den til å bli integrerte. Det krev tid og ein god prosess for å få det til.

LES OGSÅ: Oppfordrer kommunene til å gjennomføre folkeavstemninger

– Me vil bli betre på å løyse oppgåvene sjølve

Over heile landet pågår no diskusjonar om kommunesamanslåing for fullt. Blant optimistane som trur at samanslåing til større kommunar, vil bli til gode for innbyggjarane er ordførar i Meland kommune, Nils Marton Aadland (H).

Nils Marton Aadland

Ordførar i Meland kommune, Nils Marton Aadland (H).

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Me trur at ved å få ein større kommune, blir me i betre stand til å løyse oppgåvene sjølve. Det vil også vere positivt for lokaldemokratiet, seier han.

NHH-professoren trur målet om å skape robuste einingar, kan bli krevjande.

– Ein kan få folk som ikkje ønskjer å jobbe saman. Då må ein bruke mykje pengar på å løyse interne konfliktar for å finne ut av kven som skal verte plassert kvar, og korleis ein skal utføre oppgåvene, seier Stensaker.

LES OGSÅ: Etne er på veg ut av Hordaland | Frykter kommunesammenslåing kan ramme skolene hardt

– Eventuelle problem kan løysast

Regjeringa har derimot stor tru på at utfordringar knytt til kommunesamanslåing vil gå seg til. Når initiativa til samanslåing skjer lokalt, vil ein unngå mykje av det som er vanskeleg, seier statssekretær i kommunaldepartementet, Jardar Jensen.

Jardar Jensen

Statssekretær i kommunaldepartementet, Jardar Jensen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det verkar som at ein både i politiske og administrative miljø ønskjer å få dette til. Då er det også enklare å løyse eventuelle konfliktar som kjem opp undervegs.

Inger Stensaker meiner ein ikkje utan vidare kan forvente positive følgjer av samanslåingar.

– Eg har ein liten mistanke om at ein trur ein kan få ut vinst, utan å putte dei nødvendige ressursane som vert kravd inn i prosessane, seier ho.

LES OGSÅ: – Politireformen kan stanse kommunesammenslåing