Hopp til innhold

Privatskulegründer sluttar etter millionkrav

Konsernsjefen hjå Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen trekkjer seg frå alle verv og roller etter det vart kjent at det må betalast attende meir enn åtte millionar kroner i statsstønad.

Helge Teige

TREKKJER SEG: Konsernsjefen Helge Teige hjå Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen trekkjer seg etter at det vart kjent at dei to skulane må betale attende åtte millionar kroner.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Avgjerda om at dei to skulane må betale attende meir enn åtte millionar vart kjent fredag, og avgjerda vart gjort av Kunnskapsdepartementet etter eit omfattande brot på privatskulelova.

Trond Botnen går inn i rolla som konsernsjef og dagleg leiar for skulane og ei rekkje andre selskap Metis Education driv.

– Avgangen får ingen konsekvensar for verken elevar eller lærarar. Alt held fram som før, seier arvtakar Trond Botnen til Bergens Tidende.

Over marknadspris

Fem andre Akademiet-skular i Noreg må også betale attende statsstønad, og til saman må heile 12 millionar kronar betalast attende.

Bakgrunnen er at skulane i 2011 tok ut ulovleg forteneste, då det var strid om kva som var marknadsprisen på husleige, leige av administrativt tilsette og lærarvikarar, samt leige av IT-konsulentar.

Utdanningsdirektoratet meinte privatskulane kjøpte tenestene for meir enn marknadspris av selskap dei sjølv eig.

Korkje Akademiet Bergen eller Bergen Private Gymnas meiner at dei har brote lova, og i tilsvara skal dei til dømes ha trekt fram at kostnadane til husleige og anna i fleire høve ligg lågare enn i den offentlege skulen.

Gjekk frivillig

Eigar, medeigar og konsernsjef, Helge Teige, har heile tida hevda at Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen har halde seg til lova, og trakk seg frivillig før eit styremøte sundag. Teige ynskjer ikkje å uttale seg til media.

– Helge er fortvila og har mista all motivasjon. Han kjenner seg motarbeidd av departementet for å ha drive billegare enn dei offentlege skulane, seier Botnen til Bergens Tidende.

– Han har styret sin fulle tillit og styret ynskte at han skulle halda fram, seier han.

Metis Education har i fleire år opparbeid seg ei gjeld på rundt 28 millionar kroner til Helge Teige. Dette stammar frå sal av Teige sitt private selskap, og etter oppfordring frå Teige sjølv vert gjeldsposten no kansellert.

– Det er nobelt og viser at han har hatt gode intensjonar heile vegen. Det er eit signal om at han ønskjer å satsa vidare på selskapet, seier Botnen.

Direktoratet har allereie varsla nytt tilsyn for å sjå på korleis stønaden i 2012 vart nytta. Det er også truleg at fjoråret vert gjennomgått på same måte.