Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte prisen til Søviknes under fylkestinget i Bergen tysdag.
Ole Gunnar Søviknes frå Bergen er tildelt Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2003. Frå venstre; Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg , Ole Gunnar Søviknes, Ingmar Høgøy og Leon Pedersen.
Fikser skeive dører
Søviknes får 50.000 kroner for å ha funnet opp ein ny type dørhengsel som skal gjere det lettare å justere dører som er gått skeive.
Det avanserte hengselet har eit eksentrisk lager som gjer det mogleg å justera dørbladet både sidevegs og i høgda i høve til karmen. Hengeselet kan brukast til alle typar gatedører, lydisolerande dører og branndører, til hotell, skular og i offentlege bygg.
Satser på eksport
Både Statens veiledningskontor for oppfinnere, SVO, og Statens Nærings- og Distriktubyggingsfond, SND, har vore med på å finansiera utviklinga. Søviknes har teke nasjonale og internasjonale patenter på hengselet.
Eknes Industrier lanserer no dei nye hengslene i USA og satsar på å levere over heile verda.
Juryen har gjeve heiderleg omtale til to andre oppfinningar, Leon Pedersen frå Erdal for sitt "Maritimt reinseapparat" og Ingmar Høgøy frå , Storebø for "Mikrokapsulert fiskefor".
Det er i år ellevte gongen Hordaland fylkeskommune deler ut Oppfinnarprisen for Hordaland. I år var det totalt 55 kandidatar som deltok i tevlinga om prisen.