Hopp til innhold

Prioriterer menneskeliv – seier ja til omstridd kraftverk i verna elv

Politikarane seier ja til kraftverk for å sikra mot flaum – stikk i strid med råd.

Flomstor Opoelv raser gjennom Odda

FLAUMSTOR: Under oktoberflaumen i 2014 fløymde elva over og raska med seg fleire hus og gjorde store skader.

Foto: Stig Tronvold / Samfoto

– Liv, hus og heim veg tyngst, seier Kjell Gitton Håland frå Arbeidarpartiet.

Han er ein av politikarane som no har sagt ja til å byggja kraftverk i den verna Opo-elva i Odda sentrum.

Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober 2014.

Kraftverket og regulering av vatnet er meint å sikra elva mot liknande fløymer i framtida.

Vassdraget har hatt status som verna sidan 1973, og saka har allereie skapt stor debatt.

Går inn for Opo-flaumkraftverk

I går gjekk utval for kultur-, idrett og regional utvikling i Hordaland fylkeskommune inn for å seia ja tilkraftverk og flaumtunnel.

Vedtaket er i strid med administrasjonen i fylket sitt syn.

Dei støttar seg mellom anna på konsulentselskapet Sweco. Dei meiner det bør stillast krav til at det minst bør gå 40 kubikk i sekundet med vatn gjennom elva på dagtid mellom mai og september.

Dette valte i går politikarane å sjå vekk ifrå. Dei prioriterer i staden kraftselskapet Sunnhordland Kraftlag sine ønskjer.

Oktoberflommen i Odda 2014

FLAUM: Fem hus, ein buss og ein garasje vart feia vekk då elva skar seg gjennom Odda sentrum natt til 29. oktober 2014.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Vi har valt å følgje kraftverket si søknad som seier kva som er nødvendig vassføring for at dette skal vere lønnsamt, seier Håland.

Det største på fleire tiår

Kraftverket er det største som er søkt om i Hordaland på fleire tiår, og vil tilsvara produksjonen frå minst 13 småkraftverk.

Flaumtunnelen som etter planen skal byggjast saman med kraftverket, skal kunna frakta vatn frå Sandvinsvatnet og til Sørfjorden for å hindra at Opo-vassdraget fløymer over.

Kraftverkplan Odda sentrum

– Vår innstilling er å venta til alle moglege tiltak var på bodet før ei avgjerd, seier klima- og naturressurs-sjef i Hordaland fylkeskommune Sølve Sondbø.

Håland og Andersland

FOR KRAFTVERK: Kjell Gitton Håland frå Arbeidarpartiet og Geir Kjell Andersland frå Venstre gjekk begge inn for at det bør byggjast kraftverk og flaumtunnel i Odda.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han meiner det er for tidleg å ta stilling til om kraftverket bør byggjast.

– Vassføring i elva vil nok bli i minste laget. Det vil endre landskapet, opplevinga og fiskebestanden. Difor må minimumsvasstanden bli greidd ut av fagpersonar, seier Sondbø.

1000-års flaum

Kraftverket og flaumtunnelen skal sikra elva mot ein 1000-års flaum.

– Dette handlar om eit Odda-samfunn som har opplevd ein ekstrem flaumsituasjon og kor det er potensial for dette også i framtida, seier Geir Kjell Andersland frå Venstre.

Han synest saka er vanskeleg for eit parti som har lang tradisjon for å vektleggja det klassiske naturvernet. I går var det andre omsyn som vann fram.

– Dette er i tråd med det som blir foreslått i Odda, og dette vasstandsnivået er nødvendig for at det skal vere realisme i å seie ja til konsesjonen, legg Andersland til.

Endeleg avgjerd vert tatt i Kongen i statsråd, etter at NVE har gitt si tilråding.