Hopp til innhold

Prestisjefylt musikkpris til Alan Walker: – Dette inspirerer til å arbeide vidare

Den 19 år gamle EDM-stjerna frå Fana får den internasjonale EBBA-prisen, som fleire etablerte artistar har fått før han.

DJ Alan Walker fikk EBBA-heder. Prisen går til nye artistar eller grupper som har nådd publikum utenfor sitt eget land det siste året.

STJERNE: 19-åringen frå Bergen gjesta «Hordaland i dag» på NRK P1 og fekk tildelt EBBA-prisen.

Nyheita frå den europeiske kringkastingsunionen (EBU) blei annonsert i NRK Hordaland si ettermiddagssending på P1, der Alan Walker var gjest.

– Heilt uverkeleg, eg har ikkje ord, seier Walker om tildelinga av prisen.

Han fortel at det er vanskeleg å ta inn over seg alt som har skjedd den siste tida.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle vinne ein eineste pris. Dette inspirerer til å arbeide hardt vidare, seier 19-åringen.

Produserer frå guterommet

Walker, som starta musikkarrieren på guterommet heime i Fana, har det siste året hatt eit gjennombrot av dimensjonar.

Låten «Faded» blei gitt ut i desember i fjor, og gjorde Walker brått til ei internasjonal stjerne. Låten har no over 700 millionar visingar på Youtube. I sommar kom oppfølgjaren «Sing Me To Sleep» som også raskt blei ein hit.

Sidan har Walker turnert verda rundt, spelt på nokre av dei største musikkfestivalane og varma opp for superstjerner som Rihanna.

– Veldig surrealistisk, men utruleg gøy og magisk, seier Walker om gjennombrotet.

Han innrømmer at dette ikkje var noko han drøymde om frå starten av, og seier at utviklinga av karrieren hans kjennest uverkeleg.

Alan Walker

I AKSJON: Alan Walker, her under ein konsert i forbindelse med X Games i Oslo tidlegare i år.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Prestisjetung pris

EBBA heidrar ti nye artistar eller grupper som har nådd publikum utanfor sitt eige land det siste året. EBBA står for European Border Breakers Awards. Tidlegare har blant andre Adele, Katie Melua, Mumford and Sons og Hozier blitt tildelt prisen.

Dette er andre året på rad at musikkprisen frå EU går til ein artist frå Bergen. I fjor var det Aurora Aksnes som fekk EBBA-prisen.

Den formelle utdelinga av prisen vil skje under ein seremoni i Groningen i Nederland, 11. januar 2017.

Maskert

Walker er kjent for sitt mystiske image, og er svartkledd og maskert både på scena og i musikkvideoane sine. I NRK Hordaland sitt studio hadde han skjerf framfor halve ansiktet.

– Ein del av imaget mitt, forklarer Walker, og innrømmer at han er ein tidvis litt mystisk person.

Klar for P3 Gull

Walker er også aktuell som P3 Gull-artist. I går blei det kjent at bergensaren er ein av dei som skal opptre under P3 sin eigen musikkfest 26. november.

Fana-guten har nyleg bidratt på verdensstjerna Sia sitt siste album. Det var den australske artisten sjølv som spurte om Walker kunne gjere ein remiks av låten hennar «Move your body».