Illustrasjon
Prestane krev auka satsar for bruk av sykkel i tenesten, d.v.s. fire kroner kilometeren frå fyrste kilometer.
Hans Jørgen Morvik er ein av dei som skal sykla.
- Me veit jo ikkje om dette vil ha noko å seia for denne saka, men det får i alle fall satt ein viktig sak på dagsordenen. Og det handlar ikkje om kroner på kilometeren, men om sykkel som framkomstmiddel. Det har både ein miljømessig og helsemessig gevinst, seier Morvik.
Prestane startar turen over fjellet på onsdag.