Hopp til innhold

– Mange trur dei blir tvinga til å bruka nettet

Forbrukarrådet blir nedringt av folk som trur dei skal tvingast til å bruka internett for å få post frå det offentlege.

Digipost

DIGITAL POST: Posten Norge har fått kontrakt på levering av digital post, men får no krass kritikk for eit informasjonsbrev som har gått ut til to millionar nordmenn.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Anne Rygg

TVANG: Mange tolkar brevet som at Posten vil tvinga dei til å bruka nettet for å lesa post frå det offentlege, seier fagdirektør Anne Rygg i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet

Den siste tida har nesten to millionar nordmenn fått tilsendt brev frå Posten om at alle framtidige offentlege brev vil bli sendt elektronisk.

Mange tolkar brevet som at Posten vil tvinga dei til å bruka nettet for å lesa post frå det offentlege.

– Brevet er misvisande, seier fagdirektør Anne Rygg i Forbrukarrådet til NRK.no.

Kan reservera seg

Problemet er at brevet manglar informasjon om at ein kan reservera seg mot digitale brev.

– Mange opplever brevet som pålegg om å oppretta konto på Digipost, seier Anne Rygg i Forbrukarrådet.

Styresmaktene har bestemt at det offentlege i størst mulig grad skal kommunisera elektronisk, i staden for med tradisjonelle brev.

Forbrukarrådet meiner det er veldig bra at det offentlege kommuniserer digitalt med brukarane sine. Likevel må det offentlege, på ein annan måte enn det private, tilby sine tenester slik at alle kan bruka dei, understrekar Forbrukarrådet.

– Posten har formulert seg uheldig, og det skaper unødvendig uro hos menneske som ikkje kan eller vil nytta digitale tenester, seier Rygg.

Posten beklagar

Posten har også fått mange spørsmål den siste tida frå folk som lurar på kva brevet betyr for dei.

Hilde Ebeltoft-Skaugrud

BEKLAGAR: Pressesjef Hilde Ebeltoft-Skaugrud i Posten beklagar at mange har misforstått brevet.

Foto: Nils Midtbøen/Posten Norge

– Vårt mål var å informera om tenesta vår Digipost, og få folk til å bruka det. Dersom folk er blitt forvirra, så beklagar vi sjølvsagt det, seier pressesjef Hilde Ebeltoft-Skaugrud i Posten til NRK.no.

Bakgrunnen for at Posten sende ut brevet er at dei nyleg fekk ein kontrakt med det offentlege om levering av digital post. Det andre selskapet som har fått kontrakt med det offentlege er e-Boks. Det skal vera opp til brukarane kven av dei to leverandørane dei vil bruka.

Pressesjefen i Posten seier at brevet deira kunne hatt litt meir informasjon om at det er enkelt å reservera seg. Men Ebeltoft-Skaugrud trur det offentlege ikkje har informert godt nok om bruken av digital post frå starten av.

– Slik eg har forstått det vil det offentlege informera i større grad framover om kva som er bakgrunnen for å gå over til digital post, seier pressesjefen i Posten.

Vil ha betre informasjon

– Vi får håpa at informasjonen framover blir meir lettfatteleg og mindre forvirrande, seier fagdirektør Anne Rygg i Forbrukarrådet.

Ho understrekar at folk som er urolege kan ta det heilt med ro.

Rygg opplyser at det finst mange måtar å reservera seg på:

  • Innbyggjarar som aldri har registrert sitt mobilnummer eller e-postadresse ved innlogging til ei offentleg teneste på nett via ID-porten (dei som aldri har hatt eller brukt ein PC), vil få brev i posten som før.
  • Alle innbyggjarar som ønskjer det, kan reservera seg mot å få brev tilsendt på nettet (digitalt) på nettsida til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Dei vil då få breva tilsendt i posten som før.
  • Det er også mulig å reservera seg ved å ringa brukarstøtta til ID-porten på grønt nummer 800 30 300.

LES OGSÅ: Mange har, men få brukar Digipost | Vil flytte postkassa inn i stua