Hopp til innhold

Positive reaksjonar på sjøkabel-rapportar

Byrådsleiar og ordførar er positive etter at sjøkabel-rapportane blei lagt fram i dag.

Video 3c02d8c0-85fd-4289-b1a4-1d14cdc660b8.jpg

Mona Hellesnes

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes meiner sjøkabel fortsatt er reelt.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Sjøkabel i staden for høgspentmaster i Hardanger vil bli omtrent 3,4 milliardar kroner dyrare. Dessutan vil det ta fem år lenger enn å byggja master.

Det kom fram då dei fire ekspertutvala presenterte dei ulike alternativa for regjeringa i dag.

Mæland: - Ingen hast

Ulvik-ordførar Mona Hellesnes (V), som har kjempa hardt mot luftspenn, meiner no at sjøkablar framleis er eit reelt alternativ.

– Det vil spara store naturinngrep og gje ei fullgod løysing. Med rett kabelteknologi vil inngrepa i naturen vera minimale med sjøkabel, seier Hellesnes.

Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, seier det som har komme fram så langt gjer at det ikkje lenger hastar så mykje som dei trudde med å sikra Bergen straumforsyning.

Monica Mæland

Monica Mæland er positiv etter framlegginga av sjøkabel-rapportane i dag.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Vi har bedre tid enn vi trudde, seier Monica Mæland til NRK.

Høringsmøte 10. februar

Bergen og andre høyringsinstansar har no tre veker på seg til å koma med innspel i saka.

– Vi skal no bruka dei tre vekene til å gå gjennom rapportane og ta ein tverrpolitisk diskusjon i Bergen om kva innspel vi skal gje, seier Mæland.

Den 10. februar blir det halde eit høyringsmøte på Scandic Bergen Airport ved Flesland. Alle berørte partar blir inviterte til å koma med synspunkt på rapportane.

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen seier at han ikkje vil trekke konklusjonar før høyringsmøtet.

Etter dette vil regjeringa konkludera endeleg med kva som blir løysinga.