Hopp til innhold

Populært Nav-tilbod vert nedlagd etter ti år

Staten har innvilga ein milliard årleg for at sjukemelde skal kome snarare tilbake i arbeid. Frå 2018 er det slutt. Ingen veit korleis tilbodet blir vidare.

Nav-skilt

POPULÆRT: Raskere tilbake har med jamne mellomrom blitt omtalt som ein suksess av helseføretaka og politikarane.

Foto: Hans Erik Weiby

I ti år har Raskere tilbake gjeve sjukemelde gratis helsehjelp for at dei skal kome raskare tilbake i arbeid. Frå og med neste år er det slutt på ordninga.

– For meg er det eit mysterium at dei legg ned noko som fungerer så innmari bra, seier Kristine Tofte.

Ho er privatpraktiserande psykolog på Nemus-klinikken på Stord, og har teke imot pasientar gjennom ordninga i over seks år.

Video Fantasylitteratur (7:26 @ Bokprogrammet)

REAGERER: Psykolog Kristine Tofte meiner nedlegginga av Raskere tilbake har skjedd heilt i det stille.

Foto: Nyhetsspiller

Sidan starten har staten innvilga ca. ein milliard kroner årleg til ordninga.

– Det siste halvanna året har eg hatt 25–30 pasientar i veka gjennom dette prosjektet, og opplever at dette er helsehjelp slik me ynskjer det skal vera, seier Tofte.

– Ei tragedie

Raskere tilbake tilbyr behandling innan 13 forskjellige fagområde, mellom anna kreftrehabilitering og psykisk helsevern.

Sjukemelde vert sende til spesialist, og kan få gratis behandling i offentleg eller privat sektor innan to veker.

Tofte meiner at nedlegginga er ei tragedie for pasientane.

– Eg håpar at ein innser at ein er i ferd med å rasera noko som er svært velfungerande, og at ein rett og slett berre vidarefører ordninga.

– Ingen store konsekvensar

Fungerande fagdirektør i medisin- og helsefag, i Helse Sør-Øst, Geir Bøhler, trur ikkje at nedlegginga av prosjektet får store konsekvensar.

Han forklarar at medan ein del tilbod vert trappa ned, skal også ein del tilbod byggast opp.

– Raskere tilbake blir lagd ned, men det blir vidareført i forma, og me antar at det nye namnet på desse tilboda vil vera Arbeid og helse. Me skal nok heilt sikkert greia å gjera dette heilt saumlaust og bra for pasienten, seier han.

Raskere tilbake har med jamne mellomrom blitt omtalt som ein suksess av helseføretaka og politikarane. Seinast i april var helseføretaka Vest, Sør-Øst, Midt-Norge og Nord kritiske til ei nedlegging eller omdisponering av prosjektet, og peika på fleire negative følgjer:

  • Tilbod innan psykisk helsevern kan forsvinna
  • Lengre ventetider
  • Auke i talet på langtidssjukemelde og uføre
  • Kompetanse forsvinn

Bøhler har ikkje eit klart svar på kvifor prosjektet no vert avslutta.

– Den avgjersla kjem ikkje frå oss, men me har fått beskjed om at me skal vidareføra tilboda.

Geir Bøhler

FÅR KONSEKVENSAR: Fungerande fagdirektør i medisin- og helsefag i Helse Sør-Øst, Geir Bøhler, forsikrar om at dette skal gå minst mogleg ut over pasientane.

Foto: Leif Dalen / NRK

Vil ikkje sei kvifor

Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer ikkje å kommentera kvifor prosjektet blir lagd ned, men viser til Helse Sør-Øst som har fått ansvaret for å leia arbeidet framover.

Bøhler seier at fastlegar, psykologar og andre fagfolk ikkje har blitt informert endå fordi nedlegginga av prosjektet ikkje skal ha noko innverknad på arbeidet deira i 2017.

– Det kan sikkert vera mangelfullt, men me vidarefører jo kontraktar, dei økonomiske nivåa, og same aktivitet, så me har nok tenkt at det ikkje har vore naudsynt.

Om nokre månadar når arbeidet har kome vidare seier Bøhler at dei vil senda ut meir informasjon.

Tofte reagerer på informasjonsmangelen, og endringane som skal komma neste år.

– Me fekk beskjed om at alle kontraktane var oppsagt frå 01.01.2018. Men me fekk ingen informasjon om det skulle bli vidareført på ein annan måte.

Vil sikre likeverdige tenester

Fungerande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Christopher Le, seier dei har inntrykk av at det er mykje uvisse blant fagfolk om korleis det nye tilbodet skal fungere.

Koordinatorane i dei regionale helseføretaka har lenge ynskja å gå vekk ifrå prosjektorganisering for å etablere ei meir føreseieleg finansiering av tilbodet.

– Vi oppfattar at den pågåande omlegginga vil vareta dette, og vi er opptekne av at dei aktuelle brukarane får tidsnok hjelp, og at omlegginga har som mål å sikre meir likeverdige og verksame tenester.

Omlegging av Raskere tilbake legg opp til at noverande middel i større grad går inn i det ordinære pasienttilbodet, samtidig som dei positive elementa i ordninga vert vidareført.

– Innspela i rapporten frå helseføretaka ligg til behandling hos Helse- og omsorgsdepartementet. Dette er eit pågåande arbeid, som Helsedirektoratet ikkje har høve til å sei noko om på noverande tidspunkt, seier Le.