Hopp til innhold

No brukar «alle» denne dingsen

Små actionkamera er nesten blitt allemannseige. – Du får spennande opptak på ein veldig enkel måte, seier magasinredaktør.

Actionkamera er blitt veldig populære

POPULÆRT: Kjetil Risdal er ein av dei mange som har tatt i bruk såkalla actionkamera.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det har tatt heilt av med slike kamera, seier butikksjef Kjetil Risdal på Session i Bergen til NRK.no.

  • Har du filma noko tøft i påskeferien? Send oss din beste påskefilm til

– Kan brukast til alt

Butikkjeden har spesialisert seg på utstyr til dei som driv med skating, snowboard og surfing. Dette er typiske sportsaktivitetar som dei siste åra er blitt dokumentert på ein heilt ny måte.

Andre vanlege bruksområde for små actionkamera er dykking, fallskjermhopping, sykling, elvepadling og motorsykkelkøyring. Kameraet er lite og lett, har linse med vidvinkel og kan for eksempel monterast på hjelmar.

– Slike kamera kan jo brukast til nesten alt mogleg. Vi hadde for eksempel ein symjelærar som skulle filma under vatn og bruka opptaka i symjeundervisninga, seier Risdal.

Video Hjelmkamerakjøring ned utfortraseen på Kvitfjell

ACTIONKAMERA PÅ HJELMEN: Bli med nedover utforløypa i Kvitfjell.

Gutar og menn

Risdal brukar actionkamera sjølv til ulike sportsaktivitetar.

– Dei typiske kundane er gutar og menn i alderen 10-50 år, seier butikksjefen.

Prisen på slike kamera i butikken hans er frå 2200 kroner til 3600 kroner, avhengig av kor avansert utgåve ein vil ha.

Tal frå elektronikkbransjen viser at det blei selt 31 000 actionkamera her i landet i fjor.

Bransjen reknar med å selja dobbelt så mange i år, mens prognosen for 2014 tyder på eit sal på nærare 100.000 kamera.

Spennande og enkelt

Erlend Sande

REDAKTØR: Erlend Sande er redaktør i Fri Flyt.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

Ansvarleg redaktør Erlend Sande i magasinet Fri Flyt seier actionkamera har blitt eit veldig spennande tilskot til formidling av ulike aktivitetar.

– Dei er lette å ta med seg på alle slags aktivitetar. Dei er robuste og tåler mykje. Dessutan får sjåaren vera med på sjølve aktiviteten på ein heilt annan måte, seier han til NRK.no.

Sande trekkjer også fram at det er ein mykje enklare måte å gjera opptak på.

– Ein treng ikkje bruka tid på planlegging. Du treng heller ikkje ha ein annan person som står og filmar. Det blir mykje opptak på ein enkel måte, og det går ikkje ut over noko, seier han.

– Bruk fleire kamera

Ein del brukar opptaka til å sjå på sjølv, eller å visa fram til familie og vener. Men mange redigerer opptaka og publiserer dei på Youtube eller andre nettstader.

Magasinet Fri Flyt legg ut ein god del filmar på si eiga nettside der delar av opptaka er gjort med GoPro-kamera.

Redaktøren har eit godt tips når det gjeld redigering.

GoPro-kamera

LITE KAMERA: Actionkamera er blitt populære fordi dei små og robuste.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Viss det skal bli spennande for andre å sjå på, bør ein også filma med andre kamera enn GoPro-kamera. I den ferdige filmen bør ein veksla mellom ulika kamera, seier Sande.

Små actionkamera er også tatt i bruk i vanlege TV-reportasjar, for eksempel då NRK tidlegare i vinter køyrde Bergen-Stavanger med elbil .

Kreativ filming

For dei vidarekomne som ikkje syns det er kult nok å filma med kameraet på hjelmen, finst det ei mengde med alternativ.

Det finst blant anna lette teleskopstenger med kamerafeste, slik at du kan filma deg sjølv på veg ned bratte fjellsider.

Eit anna eksempel er ryggplate med kamerafeste berekna for alpinistar. Då blir du filma bakfrå med vidvinkel, og det ser nesten ut som ein annan person følgjer like bak deg og filmar.

På Youtube finst det eigne instruksjonsfilmar om korleis ein kan festa små kamera for å få dei kulaste opptaka, blant anna denne filmen som er sett over 440 000 gonger.