Hopp til innhold

Populær KrF-ordførar trappar ned

Ein av landets mest populære lokalpolitikarar sluttar i fylkestinget og vurderer å gi seg som ordførar. Det skjer samstundes som fylkesvaraordføraren melder seg ut av partiet.

Astrid Aarhus Byrknes og Aud Karin Oen

VURDERER: Astrid Aarhus Byrknes blir verande i KrF, men takkar nei til attval i fylkespolitikken, og vurderer å gi seg som ordførar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Astrid Aarhus Byrknes har i elleve år vore KrF-ordførar i Lindås, i landets viktigaste KrF-fylke. Ho og Terje Søviknes (FrP) har i ei årrekke vore dei mest profilerte og populære ordførarane i Hordaland. Dei var blant landets ordførarar med flest personstemmer i førre lokalval.

Ho gjorde seg også bemerka då ho var vikar for stortingsrepresentant Knut Arild Hareide:

Her synger Astrid Aarhus Byrknes i Stortinget

På Facebook-sida si skriv ho måndag:

«Etter ei grundig vurdering har eg i dag svara nominasjonsnemnda for fylkespolitikken, altså Vestland KrF, at eg ikkje ynskjer renominasjon.»

Dette skjer berre eitt døger etter at det vart kjent at fylkesvaraordførar Pål Kårbø melder seg ut av KrF og inn i Høgre.

Også varaordførar Marita Moltu i Bergen har nyleg meld seg ut av partiet. Ho går til De Kristne.

Framleis KrF'ar

Medan Kårbø grunngir utmeldinga med at KrF ikkje gjekk inn i Solberg-regjeringa, understrekar Byrknes at ho aldri har vurdert å melda seg ut.

«Dette har ingenting med KrF sentralt å gjere, heller ikkje med Pål Kårbø si utmelding å gjere, men mi vurdering av kva eg skal prioritere framover. Det er lærerikt og spanande i fylkespolitikken, men ei tid for alt,» skriv ho på Facebook.

Til NRK forklarer ho at KrF er hennar parti.

– Eg står midt i partiet, verken på høgre- eller venstrefløy. På utsida kan du kritisera men ikkje påverka. Eg vil påverka og vera ei stemme i partiet.

Ho forklarer avgjerda med at ho må velja vekk noko.

– Eg er ei dame som går for fullt inn i alt. No må eg kutta ut noko, så fylkeskommunen seier eg nei til.

Vurderer å gi seg

Men samstundes legg ho til ein kryptisk siste setning i facebook-innlegget sitt:

«Elles er eg i stor tankeprosess om andre ting.»

Ho vil ikkje svara på om ho er aktuell som ordførar når Lindås og nabokommunane slår seg saman til Alver kommune.

– Eg har ikkje tatt stilling til ordførarsituasjonen, og er spent på kva eg kjem til å landa på. Eg har ikkje fått spørsmål om det frå nominasjonsnemnda endå.

Ho viser til at ho snart har vore ordførar i tre periodar.

– Framleis har eg mykje å gi, men må vera fullt motivert. Eg er i ein tankeprosess. Skal eg ha ei yrkeskarriere, må eg tenka på det no. Men samstundes har eg vore ein av arkitektane bak kommunesamanslåinga vår, og vil jo gjerne sjå den fullført.

Pål Kårbø skifter parti

UTMELD: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland har meld overgang frå KrF til Høgre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Husmåling og politikk

Partikollegaen hennar, Pål Kårbø, har fortald at han har tenkt mykje medan han måla huset sitt i sommar, og tankeprosessen enda med utmelding.

– Har også du måla huset i sommar, Byrknes?

– Ja, eg målar det framleis, saman med mannen min.

– Husmåling er visst ein risikosport for folk i KrF?

– Eg har sett kva som skjer i partiet, men er altså hundre prosent KrF'ar.