Hopp til innhold

Polske fiskearbeidarar streikar for tariffavtalen dei norske kollegaene har

– Dette er ei heilt unik sak, seier oppgitt fagforeiningsleiar.

Streik i Norse Production

STREIKAR: Polske arbeidarar i Norse Production, som jobbar for den store fiskeforedlingsbedrifta Sekkingstad AS på Sotra.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Rundt 80 arbeidarar, dei fleste av dei polske statsborgarar, gjekk ut i streik fredag morgon.

Dei er tilsett i Norse Production, som slaktar og bearbeidar laks og aure for fiskeforedlingsselskapet Sekkingstad AS på Sotra i Hordaland.

Arbeidarane kravde tariffavtale, men meklinga i Gulating lagmannsrett mellom LO-forbundet NNN (Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund) og Norse Production førte ikkje fram torsdag ettermiddag.

– Dette er ein heilt unik sak. Eg kan ikkje hugse sist vi gjekk ut i streik på grunn av ein tariffavtale, seier ein oppgitt 2. nestleiar Jarle Wilhelmsen i NNN til NRK.

– Vi blir ikkje respektert

Fredag morgon markerte arbeidarane at streiken var i gong, med faner og appellar utanfor Sekkingstad sine lokale på Sotra.

Dei streikande har andre arbeidsvilkår enn eit mindretal av dei norske tilsette i bedrifta Norse Production.

– Vi ønskjer å jobbe i eit normalt selskap, med normale reglar. Det som skjer no er uakseptabelt i Norge. Bedrifta respekterer oss ikkje, seier tillitsvald Krzysztof Jedlikowski til NRK.

Ifølge Jedlikowski tapar dei fleste tilsette 30.000 kroner i året i skifttillegg, fordi dei ikkje har tariffavtale som dei andre.

– Dei tilsette føler ikkje at dei får medbestemmelse, dei har ikkje moglegheit til innflytelse på arbeidstid og føler dei har fått ein ny turnusordning tredd nedover hovudet, legg Wilhelmsen til.

Han fortel at arbeidarane er klare for ein lengre streik og at NNN har midlar til å halda streiken gåande.

Leif Sande med polske streikande på Sekkingstad AS

APPELL: Leif Sande er fagforeiningsleiar i Norsk Industri, men kjempar også om eit stortingsmandat som 5.-kandidat for Hordaland Arbeidarparti.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tok over drifta

Dagens konflikt har røter frå fleire år tilbake.

I 2013 skreiv Bergens Tidende fleire artiklar i den sokalla «Sekkingstad-saka». For det skapte overskrifter då fiskebedrifta Sekkingstad på Sotra vart tatt over av Norse Production.

Aust-europeiske arbeidarar på fabrikken var ikkje lenger vikarar i eit norsk selskap, men vart tilsett i eit utanlandsk firma i Norge. Bedrifta tok over både fabrikken og dei tilsette og driv den for Sekkingstad som enterprise.

Slik kom bedrifta seg unna vikarbyrådirektivet som trådde i kraft 1. januar 2013, og dei austeuropeiske tilsette kunne halda fram med ei lågare lønn enn den norske tariffløna ifølge BT.

Fagforeininga meiner Sekkingstad slik omgjekk norske reglar om løns- og arbeidsvilkår.

Tom Lerberg i Norse Production

VILLE FORHANDLA: Dagleg leiar Tom Lerberg i Norse Production.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Har ikkje fått vurdert konsekvensar

Dagleg leiar Tom Lerberg i Norse Production seier til NRK at dei sette seg ned for å forhandla med NNN om ein tariffavtale i starten av august.

– Vi var innstilt på å halde fram med dei forhandlingane, men like etter fekk vi brev frå NNN om at dei hadde søkt bistand frå riksmeklaren. Og like etter fekk vi eit varsel om streik.

– Så vi har ikkje hatt ordentleg anledning til å gå gjennom kva ein tariffavtale vil ha å seia for bedrifta, seier Lerberg i Norse Production.

Han hevdar Norse Production kan miste den verdifulle avtalen med Sekkingstad AS om alle dei tilsette får like vilkår.