Hopp til innhold

Brør dømde for asylbrann: – Ein dom prega av synsing og gjetting

To polske brør er dømde for å sett fyr på hotellet Lune Huler i Lindås. Begge anka dommen umiddelbart.

Brann hotell lune huler i Lindås

BRANN: Hotellet Lune Huler i Lindås i Hordaland brann ned til grunnen natt til 6. desember 2015. Hotellet var nettopp godkjend som asylmottak for einslege mindreårige.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

Dommen frå Bergen tingrett vart avsagt tysdag. Onsdag er den offentleg.

To polske brør på 37 og 35 år er dømde for å sett fyr på hotellet Lune Huler i Lindås natt til 6. desember 2015. Hotellet var nettopp godkjent til bruk som asylmottak for einslege mindreårige asylsøkarar.

Den yngste broren er dømd til seks år og seks månaders fengsel, medan den eldste broren har fått sju års fengsel i dom.

«Etter en totalvurdering av bevisene [...], finner retten det bevist at NN og NN var sammen om å sette fyr på Lune Huler», heiter det i konklusjonen frå dommarane i tingretten.

Må betala 9,6 millionar kroner

Rettssaka gjekk for Bergen tingrett i oktober. Ein tredje polsk mann på 40 år var også tiltalt i saka, men fekk saka utsett fordi han er i heimlandet.

Aktor Benedikte Høgseth argumenterte for at hovudmotivet for å tenna på hotellet var motstanden mot at det skulle bli eit asylmottak.

Høgseth meiner den yngste broren saman med 40-åringen plasserte brennbart materiale og tente på ved to stader på hotellet. Statsadvokaten meiner den no dømde 37-åringen var med å planlegge brannen saman med dei to andre.

Dei domfelte brørne på nekta straffskuld i tingretten. Men Bergen tingrett festar ikkje lit til deira forklaring og dømmer dei altså begge for brot på straffelovens paragraf 355, den sokalla mordbrannparagrafen.

Dei to brørne må til saman betala erstatning på totalt 9,6 millionar kroner.

Lune Huler

TOTALSKADD: Det var ikkje mykje att av hotellet Lune Huler i Lindås etter brannen i desember 2015.

Foto: Politiet

Spansk ektepar sov på hotellet

Bergen tingrett meiner det er ekstra skjerpande at to personar låg og sov i bygget då brannen starta. Dei meiner det også er skjerpande at påsettinga er planlagd over lenger tid.

«Det er flere som går sammen om brannstiftelsen. Bakgrunnen for brannstiftelsen er begrunnet i motstand mot at det kommer asylmottak her og ikke bare en innskytelse der og da», står det i dommen.

Benedikte Høgseth

VANN FRAM: Aktor og statsadvokat Benedikte Høgseth la ned påstand om fengselsstraff for både 35-åringen og 37-åringen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ankar dommen

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå statsadvokat Benedikte Høgseth.

Den dømde 35-åringens forsvarar, Dagfinn Hessen Paust, seier klienten hans er skuffa over dommen.

– Han er skuffa over å ikkje bli trudd i retten. Vi ankar dommen, seier Hessen Paust til NRK.

Også 37-åringens forsvarar, Ole Magnus Strømmen, bekreftar at dei vil anke dommen.

– Dette er ein dom som er prega av synsing og gjetting. Tingretten har vurdert bevisa feilaktig, seier Strømmen til NRK.

– Min klient er djupt skuffa og overraska og er fast bestemt på å ta saka vidare til lagmannsretten.