Hopp til innhold

Politivarslar går til sak mot staten etter å ha blitt omplassert

Politietterforskaren vart flytta til ei anna avdeling etter å ha varsla om manglande innsats i grove menneskehandelssaker i Bergen. I same sak braut politimeisteren arbeidsmiljølova.

Politihuset i Bergen

VARSLARSAKER: Fleire varslingssaker har prega Vest politidistrikt dei siste åra. Ei av sakene går no til retten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Varslaren kjenner at han ikkje har noko anna val enn å gå til sivilt søksmål. Han kan ikkje leve med ei slags «dom» på at han skal vere ein vanskeleg person, seier Birthe Eriksen, advokaten til politimannen, til NRK.

Det var i januar 2018 nyhenda om nok eit varsel i Vest politidistrikt sprakk i VG. Ein politietterforskar slo alarm om manglande oppfølging av alvorlege menneskehandelssaker.

Mellom anna skal politiet ifølge varslaren ha lagt vekk alvorlege saker om overgrep mot kvinner utsette for menneskehandel.

Vart flytta til ny avdeling

Varslaren meiner han er utsett for ulovleg gjengjelding etter å ha varsla om kritikkverdige forhold, fordi han vart omplassert til ei anna avdeling på politihuset kort tid etter varselet.

Politidirektoratet har hatt saka på sitt bord sidan i fjor sommar. No har dei konkludert med at politimannen ikkje har vore utsett for ulovleg gjengjeldelse.

– Omdisponeringa av varslar var sakleg grunna, seier leiar av seksjon for arbeidsrett i Politidirektoratet, Frode Aarum.

Det er Stamina Census som har utført undersøkinga på vegner av Politidirektoratet.

– Konklusjonen er diverre som forventa, svarar Eriksen.

– Vi har forstått undervegs at det var her denne saka kom til å ende, med fokus på varslaren og ikkje på dei alvorlege tilhøva han har varsla om.

Kaare Songstad

BEKLAGAR: Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt braut arbeidsmiljølova. No beklagar han.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Politimeisteren braut arbeidsmiljølova

Mannen sende det første varselet om manglande innsats i slike saker den 9. november 2017. Politimannen jobba då ved Seksjon for bekjempelse av organisert kriminalitet.

Under eit opphald i utlandet seinare på vinteren, fekk mannen e-post om at han ville bli flytta til ei anna avdeling på politihuset. Ifølge VG skal leiinga i brevet ha skildra at mannen var vanskeleg å jobba med.

Då politimannen fekk brevet, hadde han jobba på avdelinga i over fem år.

– Eit brev til varslar frå politimeisteren inneheld ein påstand som vi ser på som eit brot på arbeidsmiljølova §4.3, om krenking av integritet og verdigheit, seier Aarum i Politidirektoratet til NRK.

Aurum ynskjer ikkje gå nærare inn på kva påstanden gjekk ut på.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt beklagar.

– Vi burde ordlagt oss annleis, og det beklagar eg, seier Songstad til NRK.

Høgt konfliktnivå

Politidirektoratet peikar vidare på at konfliktnivået har vore så høgt at det har utgjort ein uheldig psykisk belastning, og at det utgjer eit brot på arbeidsmiljølova §4.1, som handlar om forsvarleg arbeidsmiljø.

– Vi kjem til å ha dialog med leiinga i Vest politidistrikt om korleis dei involverte i saka no kan få eit best mogleg og forsvarleg arbeidsmiljø, seier Aarum.

– Funna i rapporten viser at vi framleis må jobbe for å bli betre på konflikthandtering og oppfølging av alle involverte, vedgår Songstad.

Birthe Eriksen

ADVOKAT: Birthe Eriksen er advokat for politimannen i menneskehandel-varselet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Fleire saker

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt ville overfor NRK i fjor ikkje gå inn på om det var omstende ved varselet som gjorde at mannen vart flytta til ei ny avdeling.

Vest politidistrikt har dei siste åra hatt fleire alvorlege varslingssaker på bordet.

Den mest kjente er Monika-saka frå 2014. I 2016 varsla ein polititenestemann om manglande etterforsking av grove narkotikasaker.

– Denne saka har vore ei enorm påkjenning for varslaren og familien hans, avsluttar Birthe Eriksen.