Hopp til innhold

Bjarte gjekk frå å spane på kriminelle til å spore dei opp på nett

BERGEN SENTRUM (NRK): Berre i Vest politidistrikt har talet på dataetterforskarar blitt dobla på ti år.

Politiets dataekspert Bjarte Moe

DIGITAL KAMP: Bjarte Moe har byta ut politibilen med tre skjermar og fleire datamaskiner. Han jobbar som dataetterforskar i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg såg at det var eit stort behov for den kompetansen. Utviklinga både i samfunnet og innanfor politiet viste det. Det var eit lett val å ta.

Bjarte Moe (41) set seg ned i stolen på kontoret sitt nokre etasjar oppe i politihuset i Bergen sentrum. Fleire maskiner, dataskjermar og tastatur fyller kontorpulten hans.

Då han først byrja i politiet i 2001, var det spaningsoppdraga i politibilen som tok det meste av arbeidstida. No er det dei summande datamaskinene som er hovudreiskapen hans i ein stadig hardare kamp mot dei kriminelle.

Aukande trugslar på nett

Ein fersk rapport frå Politidirektoratet syner at trugslane og utfordringane knytt til IKT-kriminalitet vil auka i styrke og omfang dei neste åra.

Teknologirevolusjonen har endra måten mykje av kriminaliteten skjer på og kryptering gjer at kriminelle både kan vera anonyme, men også lett gøyme spora etter seg.

Bjarte Moe skjønte at han måtte tileigna seg ny kunnskap om han skulle henga med i kampen mot dei kriminelle.

I 2012 var han ferdig med etterutdanninga og byrja som dataetterforskar i Vest politidistrikt. Her jobbar mellom anna med sporsikring i straffesaker og gjenoppretting av sletta filer frå beslaglagde harddiskar og servarar.

– Vi vil nok aldri klara å vera i forkant av utviklinga. Men vi er godt i gang med å bygge opp gode fagmiljø innan datatekniske undersøkingar, forklarar Moe.

Har dobla talet på dataetterforskarar

Vest politidistrikt har fleire døme på at kriminelle på nett blir tatt når politiet set inn støyten. Overgrepssakene som vart grave fram i operasjon «Dark Room» har byrja å nådd norske rettssalar.

I den ferske «Skype-saka» meiner politiet dei kan bevise at ein mann (27) står bak nettovergrep og forsøk på nettovergrep mot 49 norske barn.

Men kriminaliteten på nett spenner vidt, innan fleire saksfelt. Politidirektoratet deler inn IKT-trugslane i fire kategoriar:

  • Angrep mot datamaskiner og tjuveri av sensitiv personinfo
  • Bedrageri og utpressing
  • Omsetning av narkotika, våpen og overgrepsmateriale
  • Spreiing av trugslar, propaganda og vald

Tal frå Politidirektoratet fortel at mellom 140 og 150 personar jobbar som dataetterforskarar i Politi-Noreg.

Ti av dei sit i Vest politidistrikt. På ti år har distriktet, som dekkjer Hordaland og Sogn og Fjordane, dobla talet på slike som Bjarte Moe.

Politihuset i Bergen

FRÅ FEM TIL TI: På ti år har Vest politidistrikt dobla talet på dataetterforskarar i politiet. Dei som jobbar tettast på feltet meiner det er plass til fleire.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Nordmenn utsett

– Vi ser at digitaliseringa i samfunnet gir nye formar for kriminalitet. Norge er ekstra utsett, fordi vi ligg på verdstoppen innan digitalisering, seier leiar Frode Karlsen i økokrimavsnittet i Vest politidistrikt.

Han har sett korleis fleire og fleire nordmenn og norske bedrifter let seg lura av svindlarar på nettet. Digitaliseringa gjer at beslaga politiet tek ofte er enorme.

– Før hadde vi bevismateriale vi kunne skrive ut, legge i album og kikke gjennom. I dag tek vi harddiskar og minnepennar som inneheldt tusenvis av filer. Dei enorme datamengdene er ei stor utfordring for oss, kanskje den største, seier Karlsen.